feb 192015
 

cover
Fristane for å søkja seg inn på høgare utdanning nærmar seg. Denne veka kjem Marsteinen med eit 20-siders vedlegg, der ulike retningar innan skule og arbeid vert presentert.
Du kan mellom anna lesa om:
Jakop Hauge som var mett av skule etter eitt år på vidaregåande, men som i dag er på god veg mot fagbrevet med yrkesretta skulegang.
Fredrik Rå (18) som kosar seg uventa mykje som lærling hos Langøylaks ved Møkster.
– Dei pedagogiske leiarane Linda Bjørhovde og Marlén Waage Drivenes, som har teke kvar sin veg mot same mål.
– Advokatfullmektig Martha Drønen Madsen, som rådar til å ikkje hasta seg og gjerne reisa litt før ein tek utdanning.