feb 232015
 

therese stup
I helga fylgde Marsteinen dei eldste medlemmane i AIK symjegruppe på det fyrste approberte stemnet deira i den nye Alexander Dale Oen Arena (AdO).

Det var kort mellom sure diskvalifikasjonar og herlege persar for austevollingane under det seriøse symjestemnet AllMaritim Cup 2015.
Ynsket om eit 25 meter langt basseng i Austevoll heng høgt hos både trenar og elevar – men når det er sagt, er det ikkje mange andre i fylket som kan svara på kva persen deira er på 12,5 …!

På biletet ser de Therese Heimark stupa ut i laurdagens lengste distanse. Ho var ei av berre sju damer som deltok på 1 500-meter fri, det vil seia at ho sumde 60 (!) lengder i bassenget.

Les reportasjen frå symjestemnet i Marsteinen på torsdag.