feb 262015
 
Otto Vassnes er med som publikummar, og då er det berre éi T-trøye som gjeld.

Otto Vassnes er med som publikummar, og då er det berre éi T-trøye som gjeld.

Sure diskvalifikasjonar, 1 500 meter krål og ein haug med nye persar. Marsteinen var med symjegruppa til AIK på approbert stemne i Ado-arenaen.

Ho klarer det. Therese Heimark frå AIK – klubben som for dei andre symjarane i fylket er kjende for å trena i eit 12,5 meter langt basseng – fullfører 1 500 meter fri.
Ein perfekt avslutting på laurdagen i Alexander Dale Oen Arena i Bergen.
Ein tilsett ved arenaen skryt over symjarane til trenar Annette Tøkje. Tenk at gruppa frå Austevoll, som har halvparten så mykje treningstid som dei fleste andre, i det heile teke deltek på approberte stemner – og i tillegg kan visa til gode tider. Tre gullmedaljar fekk dei med seg heim etter AllMaritin Cup.
Det hadde ikkje gått utan foreldre som stiller opp, set av helger og fylgjer ungdommen til stemna. Slikt er dei privilegerte med i AIK symjegruppa. For når stemnet byrjar klokka fem, må ein vera klare til å reisa frå Austevoll med 14:15-ferja.

Stemne-bilen
– Så lenge det er så engasjerande, er eg med, seier Annette Tøkje. Ho har vore trenar for dei eldste symjarane i halvanna år, men byrja engasjementet sitt i klubben nokre år før den tid, då begge barna hennar er med.
Trass i at familien Tøkje berre tel fire, har dei ein bil med plass til åtte.
– Me skifta ut den andre bilen vår for to år sidan, men denne kunne me ikkje skifta; det er jo symjestemne-bilen, seier Annette og ler. Forutan barna Selina (12) og Severin (16), er det Nikolai Medle Bjånesøy (16), Therese Heimark (17) og kjærasten hennar Lars som er passasjerane baki denne laurdagen. Alle vert dei plukka opp på undervegs til ferja, der me i salongen treff resten av symjelaget som skal til AdO Arena og visa oransje styrke i vatnet. Med Geir Arne (16) og Espen Vassnes (14), Martin Horgen (16) og Ole Gabriel Ueland (14), er Austevoll godt representert.

Les heile reportasjen i Marsteinen på papir eller PDF.