feb 262015
 

brannbil03
I går vart Austevoll brann og redning utstyrt med ein flunkande ny tankbil, utstyrt med siste skrik innan brannslokking og utrykking. Saman med brannstasjonen som opna i desember, er mannskapet i dag betre rusta enn noko gong.

Det var ikkje nok småtteri kommunen fekk overlevert frå Egenes Brannteknikk AS i går. Vasskanon, skumtank på 200 liter integrert i den 10 000 liter store vasstanken, høve til å pumpa 3 500 liter per minutt, lysmast og ein slange på 60 meter er berre noko av det motorkøyretøyet på 23 tonn ber med seg.
Vegen fram mot å få tankbilen inn i kommunebudsjettet for 2014 var dels krevjande, då det i same budsjettrunde òg skulle avgjerast kor mykje som skulle løyvast til stasjonen. At det vart sett av midlar til begge tiltaka, var gledeleg for brannsjef John Levi Weløy.
Etter anbodsrunden i fjor vår, var det Egenes Brannteknikk frå Flekkefjord som fekk oppdraget med å levera bilen.
– Eg vil få gratulera dykk med valet av bil. Dette er den beste tankbilen ein kan ha, sa Kåre Kristensen frå firmaet, som overleverte nøkkelen til ordførar Renate Møgster Klepsvik – som då ikkje har det naudsynte utvida sertifikatet, samt 160-kode for utrykkingskøyretøy, og såg seg nøydd til å gje nøkkelen vidare til John Levi. Einskilde i branntroppen skal få grundig opplæring i å køyra den store tankbilen.

Ordføraren fekk testa trykket i vasskanonen.

Ordføraren fekk testa trykket i vasskanonen.

God på fram
Lars Erling Horgen nytta høvet mellom snittar og kake til å rosa brannsjefen for å ha stått på for å skaffa til vege mykje av godane mannskapet er utstyrte med i dag.
– Denne markeringane me har hatt dei siste månadane, har John Levi jobba for i mange, mange år. Det er 25 år sidan han byrja å masa om brannstasjon, byrja Lars Erling – og då var det gode mimringa i gang. Han hugsar det store framsteget då dei fekk eigen mannskapsbil i 1990, sjølv om folkevogna dei hadde nytta til dess òg gjekk godt, så lenge vegen var flat.
– Det var så vidt me kom oss opp bakken i Åno, med alt utstyret om bord vart det særs tungt.
Med den nye tankbilen har brannvesenet alt på plass – nesten. Mannskapsbilen frå 1990 (1989-modell) som skal frakta troppen under utrykking, kunne med fordel òg bytast ut.
– I ei framtid med fleire høge bygningar i Austevoll, bør me òg ha ein lift eller tilvarande høgdereiskap for å ha høve til å berga folk ut frå toppetasjar, seier Weløy. Førebels er ikkje dette ei stor utfordring, og brannsjefen er strålande nøgd med dagens utrusting.

Av: May Linn Clement