feb 262015
 

renate02
Sitjande ordførar Renate Møgster Klepsvik tronar øvst på Framstegspartiet si liste til kommunevalet. Med seg i toppen får ho Øystein Fammestad og Olav Jarnes.

Trass i turbulente prosessar, med nedlegging av skular og konkurranseutsetting av ulike tenester, ser Renate Møgster Klepsvik og Framstegspartiet framover når toppkandidatane deira vert lanserte til kommunevalet.
– Me er midt inne i mange viktige prosessar som er avgjerande å få i hamn på trygt og godt vis, seier ordføraren. Om nedlegginga av einskildskular har vore smertefulle for mange, meiner Frp-politikaren at endringane i struktur har vore naudsynte, og at dei opnar for å tenkja nytt for å sikra endå betre kvalitet i skuleverket.
– Når me ikkje skjerer ned på lærarstillingar vil ein etter samlokaliseringa sitja att med høve til å samla sett gje betre kvalitet i undervisninga.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.