feb 262015
 
Kristeleg folkeparti stiller med 16 namn til kommunestyrevalet.

Kristeleg folkeparti stiller med 16 namn til kommunestyrevalet.

Lokallaget til Kristeleg folkeparti melder at dei har gjennomført nominasjonsmøtet sitt før valet til hausten. Resultatet er ei liste med 16 namn, deriblant to tidlegare austevollordførarar. Partiet er nøgde med aldersblandinga, og har valt å ikkje kumlera nokre av namna på lista.

– Det vert såleis opp til veljarane å avgjerda kven som skal representera Krf i kommunestyret. Partiet tek mål av seg å auka sin representasjon med fleire, heiter det i pressemeldinga som er kome lokalavisa i hende.

Det er Kai Eliassen som har representert partiet i kommunestyret i perioden ein snart er komen til ende.

Lista ser slik ut:
1.       Kai Eliassen
2.       Torfinn Grav
3.       Audun Instefjord
4.       Klara Hellesøy
5.       Camilla Kolbeinsvik Lunde
6.       Sigve Solbakken
7.       Bjarte Vigleik Notnæs
8.       Vivi Haraldseid
9.       Katrine Hausberg
10.   John Levi Weløy
11.   Halvard Møgster
12.   Rolf Tore Hellesøy
13.   Norunn Storebø
14.   Kjell Nøttingnes
15.   Daniel Stenevik
16.   Olav P. Årland