feb 272015
 
Camilla og Frank Tonning har drive mathuset i Bekkjarvik sidan 2013.

Camilla og Frank Tonning har drive mathuset i Bekkjarvik sidan 2013.

Tonnings Mathus i Bekkjarvik får neste veke besøk av den etterkvart så kjende kokken Eyvind Hellstøm, som ein del av serien Hellstrøm rydder opp.

Sidan 2008 har Eyvind Hellstrøm reist rundt i heile landet for å hjelpa restaurantar i krise opp på beina. Hellstrøm, som etablerte og dreiv Bagatelle i Oslo frå 1982 til 2009, tek i episodane tak i heile restaurantdrifta, frå det økonomiske til personlege plan. I 2009 vart han kåra til beste mannlige programleiar under Gullruten.
Eigarane av Tonnings Mathus – Camilla og Frank – kan utover å bekrefta at Hellstrøm kjem, ikkje uttala seg ytterlegare om oppryddinga på dette tidspunktet, grunna kontrakten med produsenten Monster Entertainment.
På tampen av 2014 skreiv Tonnings på faceboksida si at dei hadde hatt ei vanskeleg tid med drifta.

Vil ha fullt hus
Produksjonsselskapet har sjølve gått ut og invitert mellom anna medlemmar av AIK med familie, og både tilsette og foreldre ved Bekkjarvik maritime FUS barnehage til å koma og vera med under innspelinga. Av invitasjonen kjem det fram at dei ynskjer å fylla lokalet, slik at Hellstrøm ser korleis dei tilsette taklar presset ved fullt hus. Eivind Hellstrøm vil sjølv gå blant gjestane og spørja dei ut om opplevinga.
Innspelingane er tysdag klokka 19 og fredag klokka 18.30.