mar 022015
 

Promille_nett

Lensmannskontoret har frå fredag til sundag knipe tre sjåførar for køyring i ruspåverka tilstand.

 

Tre dagar, tre promillekøyrarar er status for Austevoll lensmannskontor etter helga. Politbetjent Ole Petter Sælheim opplyser at dei ved hjelp av tips kunne innhenta ein ruspåverka sjåfør på Hundvåkøy.

– Me er heilt avhengige av at publikum kan vera både augo og øyra våre der ute. Me er særs takksame for at folk ringjer å seier i frå, seier Sælheim til lokalavisa.

Politiet er naturlegvis uroa over køyringa under påverknad av rus, noko som vart underbygga av endå to tilfelle – eit på laurdagsnatta og eit anna, der politiet rykte ut etter melding om ulukke.

– Det er klart at tre tilfelle på ei dryg helg er altfor mykje, kommenterer Sælheim.

I heile fjor opna lensmannskontoret 16 saker knytt til køyring i ruspåverka tilstand, og kulturen for å setja seg rusa bak rattet er noko av det som særleg uroa lensmann Per Nordstrand ved utviklinga.