mar 052015
 
Terje 1

Terje Nordstrand lyt kjøpa seg ei ny skuggelue til han skal på studioinnspeling – irske Massey Ferguson held ikkje i John Deere-land.

 

Å reisa til Nashville og spela inn album med legendariske musikknamn er noko alle burde gjera i løpet av livet meiner Terje Nordstrand. I påska reiser han over dammen og rett i studio, saman med dottera Hanna.

Tre dagar, ti låter. Skjemaet er stramt, men takka vera moderne teknologi kjem han ikkje til tomt hus, for produsenten Jason Matthew Clark har allereie fått låtskissene tilsendt til knekking og brekking.
– Eg freistar å ikkje leggja for mykje føringar, men heller lata dei der borte forma idéen, seier Terje. Sounden til amerikanarane er så annleis enn vår, så det er mykje meir spaning i å sjå kva dei får til.

Skummelt med preikinga
Studiomusikarane, som i fylgje Terje snakkar eit heilt eige språk på jobben, får ein dag til å spela inn musikken, medan Terje sjølv får to til vokalen.
– Me må vera heilt på topp. Er me sjuke eller dårlege i røysta, så er me ute og seglar med ein gang. Så familiebesøka har me lagt til seinare på turen. Det er skummelt med den preikinga veit du, ler han. I råmaterialet til albumet ligg minst ein tradisjonell norsk salme, og sjølv der er Nordstrand spent på sluttresultatet. Sjangermessig er lite avklart, men ein ting er sikkert: Det vert nynorsk.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.