mar 052015
 
Skuleavisa Horisonten kan kjøpast hjå alle dei 19 elevane i vg1 studiespesialiserande. Fremst står redaksjonen, frå venstre Martin Horgen, Marielle K. Frank, Nikolai Bjånesøy, Jeanette Heggen og Martin Veivåg.

Skuleavisa Horisonten kan kjøpast hjå alle dei 19 elevane i vg1 studiespesialiserande. Fremst står redaksjonen, frå venstre Martin Horgen, Marielle K. Frank, Nikolai Bjånesøy, Jeanette Heggen og Martin Veivåg.

Dei 19 elevane i studiespesialiserande er klare med årets skuleavis. Ei veke iherdig arbeid med intervju, skriving, fotografering og brekking har resultert i Horisonten, ei 44 siders lang blekke med god variasjon i stoffet.

– Du har vel lyst på sommarkroppen 2015? Då er det berre bla seg opp til side 36, så får du oppskrifta, seier Martin Horgen, sport- og annonseansvarleg i avisa. Og ganske så rett, her har Marielle Kayser Frank og Susanne Njåstad gjort greie for – både med tekst og foto – treningstrenden 30 Day Challenge, der ein med repetisjonar av same øving samstundes som du frå dag til dag aukar talet, på ein kostnadsfri måte kjem i betre form.

Alle i arbeid
Alle dei 19 elevane i klassen har bidrege til avisa.
– Me har samarbeidd mykje om sakene, men alle elevane måtte vera med på tre saker kvar, fortel redaktør Jeanette Heggen. Det er både eit opplysande og lærerikt magasin, som inneheld alt frå faktaorienterte tekstar om solceller og passivhus, featurereportasje frå ein dag med TIP- og naturbrukklassane til den originale quizen Er du smartare enn ein vg1-elev? Tre sider med enquetar med barn og ungdom mellom 4 og 16 år er godt og fengjande lesestoff.
Hovudsaka i Horisonten er om ryggsekkturisme. Det er meir og meir vanleg å ta eitt år fri frå skulen, arbeida i nokre månader og deretter reisa rundt i verda. Til denne saka har Martin Horgen og Julie Båtevik intervjua Oddrunn Helen Gangsøy, som var ryggsekkturist i fjor, og Hilde Harboe som er på reisa si no. Dette intervjuet gjorde dei over Skype.
– Eg er særs stolt over journalistane mine, dei har gjort ein kjempegod jobb, rosar redaktøren.

Studietur
Skuleavisa ved trykt opp ved Austevoll vidargåande skule kostar 50 kroner, ein sum som går til studieturen dei skal på om nøyaktig 47 dagar – i fylgje nedteljingsoversikta i klasserommet. I seks år har fyrsteklassingane ved Austevoll vgs reist til Albir i Spania, der dei i tillegg til å få utøvd spansken sin, har hatt som tradisjon å vitja to barneheimar i Altea. Ein del av pengane som kjem inn på avissalet, vert donerte til desse barneheimane.
– Me har òg selt lappar i kantina til inntekt for studieturen, og oppskrifta på desse står i avisa, freistar Jeanette.

Av: May Linn Clement