mar 062015
 

Marsteinen søkjer journalist i 80 – 100 prosents stilling

Lokalavisa i Austevoll ynskjer å rekruttera ein samfunnsengasjert journalist med nase og driv for aktuelle nyhende og den gode historia.

Marsteinen er og skal halda fram med å vera den pålitelege og analyserande lokale nyhendekanalen i Austevoll. I ein prosess der me skal vidareutvikla den digitale satsinga vår, er evne til å jobba strukturert og sjølvstendig ein avgjerande kvalitet hos søkjarane.
Stillinga inkluderer òg fotografering til eigne saker.

Søkjarar med høgare utdanning innanfor samfunnsfag og journalistikk vert føretrekte. God lokal kjennskap og nettverk kan oppvega dersom slik bakgrunn manglar.

Løn etter avtale.
Arbeidsstad: Storebø, Austevoll

Spørsmål knytt til stillinga kan rettast til redaktør Trond Hagenes, mobil 988 74 253 eller per e-post trond.hagenes@marsteinen.no
Søknad med CV m/referansar og journalistiske arbeidsprøvar må sendast e-postadressen over eller til Marsteinen, v/ redaktøren, Gamle Prestagarden, 5392 STOREBØ.
Søknadsfrist: Torsdag 26. mars 2015

Lokalavisa Marsteinen kjem ut i Austevoll kommune, og hadde i 2014 eit godkjent opplag på 2 329 aviser, fordelt på abonnement, laussal og digitale løysingar. Austevoll, ein liten ferjetur frå Bergen eller Stord, er eit av landets leiande miljø innanfor fiskeri, maritim og marin næring. Samfunnet med 5 000 fastbuande er prega av ei sterk skapartrong og korte vegar frå idé til gjennomføring.