Aktivitetar

 

Turgåing
Austevoll har stort sett småkupert landskap, med gode høve til å gå i utmarka. Høgste punkt i Austevoll, Loddo, er eit populært mål. Enklast er det å parkera i Åno ved Heimarkpollen og fylgje den raude løypa. Ein kort og grei tur som kan passa for småbarnsfamiliar er turen frå Kalve til Skansen, som med sin spektakulære bergformasjonar, vilt storhav og utsikt mot landemerket Marstein er ein sikker vinner. Nokre av dei same kvalitetane finn du i Nordsjøløypa vest på Selbjørn, medan du passerer gode fiskevatn som Ålfore- og Raudavatnet på vegen. Tek du heile løypa frå Stolmabrua til Gauksheim, kjem du òg til Hotvik, ein idyllisk grøn ose av ein gamal husmannsplass. Om våren er det masse vadefugl i dette området.
Også Hundvåkøy og Stolmen har sine Nordsjøløyper.

Idrettsanlegg og treningssenter
Austevoll har fleire idrettsanlegg: Fotball- og friidrettsanlegg på Eidsbøen, Huftarøy, kunstgrasbane på Hundvåkøy og Selbjørn. På Selbjørn idrettslag sitt anlegg er det òg utandørs tennis- og sandvolleyballbane. I fleire av bygdene finst det òg ballbingar, i Kolbeinsvik jamvel ein binge som vert nytta til skeisebane på vinterstid.
Det finst treningssenter med apparat og frie vekter, spinning og andre aktivitetar både i Bekkjarvik og på Storebø. I tillegg har klatregruppa til Austevoll idrettsklubb veggar både innandørs og utandørs for dei som ikkje har høgdeskrekk.

Sportsfiske
Austevoll er kjent for fleire gode lokalitetar for storfisken. Stolmasundet med kveitene sine, storlyren lurer ved nes og oddar ute mot storhavet og skater og flyndrer han vera å få på sandbankane utanfor Husavik. Prøv gjerne å fiska med agn som sild og makrell, så vert fangsten meir variert og spanande.
Det finst òg grov aure i einskilde av fiskevatna på øyane. I Haukanes- og Llosavatnet går det ruggar på godt over to kilo. Likevel må du vera særs tålmodig for å få ein av dei på kroken. På Selbjørn er Raudavatnet og Ålforevatnet – begge ved Nordsjøløypa – kjende for å ha fisk over kiloet. I mange av dei andre vatna, som lett tilgjengelege Vassnesvatnet og Fagerbakkevatnet bit mindre aure særs villeg.

Segling
I 1920 vann «Atalanta» olympisk gull i segling, med åtte unge austevollingar om bord. Austevoll har gode tradisjonar for segling, fyrst og fremst i nasjonalbåten oselvar. I den varme årstida lovar Austevoll seilforening å ta med interesserte for å testa ut den smerke, tradisjonsrike trebåten, som vert segla med sprisegl. Sesongen varar frå juni til september.
Austevoll kyst- og sogelag har gavlabåten «Notmann», som dei nyttar til sosial segling i sommarhalvåret og like sosial vøling og reperasjon på vinterstid. Eldsjelene seier ikkje nei takk til endå meir selskap om bord.

Dykking
Med over 300 kilometer strandline på øyar, holmar og skjer er det mykje å utforska mellom tang, tare, berg og skjelsandbotn. Fridykkarar med harpun likar seg mellom anna ved Straumsøya i Heimarkpollen. Trange, straumrike sund er bra lokalitetar, men her må ein vera ekstra observant. Rundt Horgo er det variert vegetasjon og mykje bra fisk å harpunera. Likeeins er det flotte tilhøve kring Sveholmen, sør på Stolmen ved moloen og ved Trælsøy.
For dei som likar seg best med luftflasker på ryggen, vert Tobbholmane trekt fram som ein fin stad å dykka. Her er det både sandsletter, tang og høve for veggdykk. Kring Marstein fyr er det høve for vrakdykking.

Sykling
Sykling er ein aktivitet som dei siste åra har hatt ei bratt interessekurve, i høgste grad i Austevoll. Sykkelklubben har medlemmar frå 15 til 70 år, og meiner sjølv av sykling ikkje har noko aldersgrense. I 2011 fekk klubben eigne drakter. Det mest populære sykkelrittet for klubben, er Bergen-Voss. I 2011 er dei heile 60 påmelde, ei dobling frå året før. Nesten kvar helg før rittet, arrangerar klubben Tour d’Austevoll, der dei saman syklar Austevoll rundt. Elles vert fellestreningane deira publiserte gjennom Facebook.