Idrett

 

Fotball er utan tvil den mest populære sporten i Austevoll. At a-laget til AIK klatra seg opp i 2. divisjon i 2010, gjev ikkje akkurat ei demping på stemninga. Men det er rikeleg å ta av for dei som ikkje set lêrkula høgast. Klatring, symjing og volleyball er òg store greiner. I 2010 fekk Siren Økland den lokale Gründarprisen i 2010 for etablering av Livsstilsenteret på Storebø. For dei som likar seg best under vatn, er dykking med Austevoll undervassjegerar eit godt alternativ.

Austevoll idrettsklubb
Klubben vart fyrst stifta den 28. juli 1967 som IL Huftar, og seinare som Austevoll idrettsklubb (AIK). AIK har om lag 700 meldlemmar fordelt på ti ulike aktivitetar, der fotball er den største, symjing nummer to og klatring kjem på tredjeplass. Draktfargane til AIK er oransje og svart.
Kontaktinformasjon:
Austevoll idrettsklubb
Pb 103
5392 Storebø
Tlf: 55 08 44 40
e-post: aik@lysglimt.net
www.aik.no
Dagleg leiar: Anne Berith Drønen, mob: 976 14 067
Formann: Svein Arne Kalvenes

Selbjørn idrettslag
SIL vart stifta i 1957, og held til på Selbjørn. SIL har om lag 300 medlemmar frå heile kommunen, og primærområda deira er fotball og volleyball. Draktfargane deira er gul og svart. SIL har både kunstgrasbane, tennisbane, ballbinge og sandvolleyballbane.
Kontaktinformasjon:
Selbjørn idrettslag
Pb 79
5399 Bekkjarvik
E-post: sil@selbjornil.no
www.selbjornil.no
Leiar: Ingeborg Waage, mob: 924 35 148
Nestleiar: Frode Møgster, mob: 918 24 159

Havstril padleklubb
Havstril padleklubb vart skipa i 2006, og deler klubblokale med Austevoll undervassjegarar på Sveholmen ved Bakkasundsbrua. Padleklubben har nærare 100 medlemmar i alder tolv til 60 år. Havstril held fleire kurs i sommarhalvåret, og eig nye kajakkar som medlemmane kan nytta.
Kontaktinformasjon:
E-post: info@havstrilpadleklubb.no
www.havstrilpadleklubb.no
Formann: Trond Hagenes, mob: 988 74 253

Austevoll Seilforening
ASF er tilslutta både Noregs seilforening (NSF) og ei rekkje andre seilforeningar både nasjonalt og internasjonalt. Det tekniske anlegget til ASF ligg i Gråsidalen på Storebø. Som regattabåt vert tradisjonsbåten oselvar mest nytta, og om lag kvart tredje år arrangerer dei NM i oselvarar. ASF har òg medlemmar som siglar i andre båtklassar, som ”tur og hav” og ”B1”, som er for blinde siglarar.
Kontaktinformasjon:
E-post: epost@austevoll-seilforening.no
www.austevoll-seilforening.no

Austevoll rideklubb
Rideklubben er rett og slett for alle som har eller er interessert i å driva med hest. Dei arrangerar ridekurs, og det er mogleg å ta rideklappen (nivå 1-5) og grønt kort for sprangriding og dressur i regi av klubben. Turriding kan òg arrangerast etter avtale med Austevoll Hestesenter.
Kontaktinformasjon:
E-post:  bir-no@lysglimt.net
Lena Birgitta Norberg, mob: 905 37 176

Austevoll undervassjegerar
Laget vart etablert i 2006, og har klubbhus på Sveholmen, saman med Havstril padleklubb. Undervassjegerane dykkar året rundt, med det er på våren, i april-mai at det er mest fisk å sjå. I fylgje klubben, kan du hoppa uti kor som helst rundt Austevoll, og bli overraska over kor fint det er under vassoverflata!
Kontaktinformasjon:
Leiar: Olav Jarnes, mob: 934 49 300
Stig Storebø, mob: 957 01 391

Austevoll sykkelklubb
Sykling er ein aktivitet som dei siste åra har hatt ei bratt interessekurve, i høgste grad i Austevoll. Sykkelklubben har medlemmar frå 15 til 70 år, og meiner sjølv av sykling ikkje har noko aldersgrense. I 2011 fekk klubben eigne drakter. Det mest populære sykkelrittet for klubben, er Bergen-Voss. I 2011 er dei heile 60 påmelde, ei dobling frå året før. Nesten kvar helg før rittet, arrangerar klubben Tour d’Austevoll, der dei saman syklar Austevoll rundt. Elles vert fellestreningane deira publiserte gjennom Facebook.
Kontaktinformasjon:
Leiar: Trond Solbakken, mob: 932 02 292