Kultur

 

Austevollingane har ord på seg for å stadig tenka nytt og større når det kjem til kulturtilbod i kommunen. Ungdomsskulemusikalar og konsept som Songgalleriet, der lokale artistar vert fremja i ein arena med klasse, er gode døme på satsingane lokalt.
I Austevoll finn du kulturelle aktivitetar og arrangement året rundt.

Austevoll musikkråd
Austevoll musikkråd er ein paraplyorganisasjon for laga som driv med song og musikk i kommunen. Per i dag er det 14 lag med til saman rundt 200 medlemmar i musikkrådet. Våren 2009 hadde Austevoll musikkråd ansvar for førebuing og gjennomføring av felleskor-innslag under kongebesøket 16. juni.
Austevoll musikkrådet er ei lokalavdeling under Norsk musikkråd.
Kontaktinformasjon:
austevoll@kulturskolen.no
Tlf: 55 08 12 20

Kolbeinsvik/Drøna/Vinnes skulekorps
KDV vart stifta i 1967, og har i dag tolv medlemmar og om lag 15 aspirantar. Korpset har øvingar kvar veke på Kolbeinsvik skule, og tek elles på seg ulike speleoppdrag, som julekonsertar og til 17. mai. Dei siste åra har dei òg delteke i konkurransar og festivalar, og dei prøver årleg å arrangera ein sosial tur i inn- eller utland.
KDV har annankvart år opptak av aspirantar frå 3. klasse av.
Kontaktinformasjon:
Sølvi Hausberg, mob: 907 56 718
solvi.hausberg@lysglimt.net
Mons-Ove Hauge, mob: 957 64 178
mons.hauge@ocea.no

Austevoll brass
Vaksenkorpset vart stifta sommaren 2010, og har i dag 15 medlemmar, som spelar saman av den enkle grunnen at det er kjekt! Korpset er sjølvsagt ope for fleire, og det gjer ingenting om du ikkje har spela på ei stund. Dei har øvingar kvar sundagskveld på Selbjørn skule.
Kontaktinformasjon:
Leiar: Ola Olsen, mob:

Austevoll song- og dykjelag
Song- og dykjelaget har som agenda å ta vare på gamle songar og historier, då spesielt kysthistorier. Kvar måndag samlast dei på Austevoll ungdomsskule for å øva. Laget er for alle over 60 år.
Kontaktinformasjon:
Leiar: Sylvi Naustheller, mob: 950 57 015

Austevoll gospelkor
Gospelkoret er medlem i Austevoll musikkråd og Norsk songarforum, og har øvingar i Austevoll kyrkje kvar onsdag. Repertoaret er allsidig innanfor eit kristeleg livssyn. Koret opptrer på ulike arrangement både i og utanfor kommunen, og tek gjerne på seg oppdrag, både aleine og saman med andre musikkrefter.
Gospelkoret er for alle vaksne som likar å synga!
Kontaktinformasjon:
E-post: gospelkor@yahoo.no
Dirigent: Lisbeth Sandvik, mob 934 48 757
Styreleiar: Wenche Gloppen, mob: 992 96 377

Huftarøy husflidslag
Husflidslaget vart stifta 5. november 1979. Laget tek vare på lokale husflidstradisjonar og kunnskap om desse, og formidlar det vidare gjennom kursa dei held. Husflidslaget driv husfliden i Austevoll, Husflidskrokjen, på Eidsbøen. Dei arrangerar òg Julemessa i Austevoll-hallen kvar november.
Kontaktinformasjon:
E-post: blixo@lysglimt.net
www.husflid.no
Leiar: Karoline Blix, tlf: 55 08 59 99/ mob: 976 52 770

Austevoll kyst- og sogelag
Laget driv vedlikehald av Møllo i Vestre Vinnesvåg, og dei gamle båtane ”Notmann”, ”Olav” og ”Bregdo”. Gjennom kyst- og sogelaget vert Møllo utleigd som overnattingsstad. Laget held kurs i segling, sjømannsskap og vedlikehald av gamle trebåtar. Det er inga aldersgrense for å vera med i Austevoll kyst- og sogelag.
Kontaktinformasjon:
smidtoy@frisurf.no
Formann: Svein Midtøy, tlf: 56 18 55 88/ mob: 950 86 856

Austevoll bridgeklubb
Austevoll bridgeklubb vart etablert i 1979, og har kvar veke sidan då vore ein viktig arena for kortentusiastane i kommunen. Klubben, som er med i Noregs bridgeforbund, er open for alle, men er mest populær blant dei vaksne. Deltakarar i klubben er ofte med i meisterskap utanfor kommunen.
Kontaktinformasjon:
smidtoy@frisurf.no
Leiar: Svein Midtøy, tlf: 56 18 55 88/ mob: 950 86 856

Stolmen kyrkjekor
Stolmen kyrkjekor består av rundt 20 unge jenter i alderen 29 til snart om lag 82 år. Nokre av medlemmane har vore med frå koret blei danna i 1968. Me har ord på oss for å vera til glede og inspirasjon (ord som varmar hjarta våre) for meinigheita og publikum gjennom våre eigne konsertar, ved deltaking på gudstenester og andre arrangement. Dirigent er kantor Steinar Christensen, og me må fortelja at han kallar oss for småpikene sine. Han gjer ein fantastisk jobb, er så tolmodig med oss (med så mange jenter samla, så blir det kakling).
Me har øving kvar tysdag frå kl 18.30-20.30. Det er to timar effektiv oppvarming, øving, kaffipause – gjerne med nogot attåt og mykje latter. Synest du det høyrest kjekt ut og har lyst å vera med? Møt opp på gamleskulen på Stolmen på tysdag kl 18.30. Du er hjarteleg velkomen!

Leiar for styret: Karen Kvinge, mobil 99291547
e-post: karen.kvinge@lysglimt.net