Organisasjonar

 

Austevollingane er glade i bygdene sine, og velforeiningar er viktig i kommunen. For å skapa liv og røre på dei mindre stadane, går foreiningane i bresjen og arrangerar ulike festlegheitar for lokalfolket. Fleire av desse vert årlege tradisjonar, som til dømes 17. mai-feiringane.

Vinnesvåg velforeining
Det frivillige laget stifta i 2004, omfattar alle som bur eller har hytte innanfor 5396 Vestre Vinnesvåg. Av aktivitetar, er mellom anna vedlikehald og drift av Vinnes bedehus, utbygging av den eksisterande turløypa rundt Vinnesvatnet og oppussing av gravplassen i bygda. Vinnesvåg velforeining samarbeidar òg med kystlaget om aktivitetar ved Møllo i Vestre Vinnesvåg. Elles eig dei gamle Vinnes skule, som i dag rommar både barnehage og lokale som eignar seg god til både bryllaup, konfirmasjonar og fest.
Kontaktinformasjon:
Leiar: Øystein Fammestad, mob: 416 66 992
E-post: oystein.fammestad@lysglimt.net

Hevrøy vel
Velet jobbar med å skapa trivsel og interesse på og for Hevrøy og områda rundt øya. Styret har organisert rullerande ordning av familiar eller vaktmeisterlag som held oppsyn og vedlikehald av fellesområdar som veg, brygger, dampskipskai, fellesbrønn, badeplass og leikeplass. Ein til to gongar i året gjev velet ut HevrøyNytt, og arrangerar året generalforsamling med sosialt samvær og basar.
Kontaktinformasjon:
Styreleiar: Kirsten Ann Hevrøy, mob: 901 89 631
E-post: kirsten.ann@hevroy.com

Haukanes og Bjelland grendalag
Aktivitetar i og rundt det gamle skulehuset på Haukanes, er primært for grendalaget. Bygdehuset vert leigd ut til konfirmasjonar, dåp, selskap og liknande. Elles arrangerar grendalaget basar, bingo, 17. mai-feiring, St. hans-feiring og bygdafestar gjennom heile året. Utanfor huset er det både leikeplass og ein liten fotballbane, som vert nytta av barna i bygda.
Kontaktinformasjon:
Jane Hovland, mob: 971 88 616
For leige av bygdehuset: Agnete Søreide, mob: 906 15 467

Litlakalsøy vel
Vellaget på Litlakalsøy famnar om alle som er knytt til øya. Saker som gjeld både fastbuande og hytteeigarar, som til dømes vatn, veg og miljø, drift av gjestebryggja og utleige av det gamle skulehuset, vert og gjort via velet. Elles arrangerar der både basarar, rekefestar og andre tilstellingar i det gamle skulehuset.
Kontaktinformasjon:
Leiar: Linda Økland, mob: 913 11 202
E-post: litlakalsoyvel@austevoll.com
www.austevoll.com/litlakalsoyvel

Møkster velforeining
Velforeininga, som vart stifta i 1986, jobbar mellom anna med å fremja kulturlivet på Møkster, betra forholda for folka der, kommunikasjon, og verna om livsgrunnlaget til bebuarane. Dei arrangerar årelg 17. mai-feiring, St. Hans-feiring, sommarbasar og juleverkstad for barna. Både fastbuande, hyttefolk, utflytta møkstringar og alle som vil øya vel, er velkomne i velforeininga,
Kontaktinformasjon:
Leiar: Hanne Jorunn N. Møgster, mob: 992 61 657
E-post: mokster.butikk@lysglimt.net
www.mokster.info

Havlys
I kjølevatnet av kyrkjedebatten i 2008, der Stolmen kyrkje var i fare for å verta nedlagd, steig foreininga Havlys fram i 2009. Dei jobbar med liv og røre i og rundt kyrkja, og har allereie fleire vellukka arrangement bak seg. Pettersenhuset, som er eig av Bergen seilforening, har vorte nytta som både kafè og utstillingslokale i alle Havlys-arrangementa.
Kontaktinformasjon
Styreleiar: Ella Fagerbakke, mob: 951 47 188

Venner av Kvalvåg
Organisasjonen vart stifta 5. mai 1997, og er ein ideell og partipolitisk uavhengig organisasjon for sosialt engasjerte menneske. Målet er å skapa eit kulturelt og aktivt miljø rundt Kvalvåg på Stolmen. Venner av Kvalvåg står for drifta av Sigurd’n Kro i sommarmånadane, og arrangerar utstillingar, konsertar og blåturar for grupper og firma.
Kontaktinformasjon:
Leiar: Leo Kenneth Thomassen, mob: 970 06 155/ 916 85 198
lkthomass@yahoo.no

Fagforbundet Austevoll
Fagforbundet avdeling 409 Austevoll, er den største arbeidstakarorganisasjonen i kommunen, med over 300 medlemmar innan for både barnehagar, skular, kyrkjekontor og kommunen. Fagforbundet si hovudoppgåve er å sikra medlemmane gode og trygge løns- og arbeidsvilkår. Alle yrkesaktive innan fagforbundet sitt organisasjonsområde, kan verta medlem.
Kontaktinformasjon:
Kommunehuset
5392 Storebø
Tlf: 55 08 18 02
E-post: fagforbundetaustevoll@yahoo.no
Leiar: Inger Lomheim
E-post: Leiar: inglo@lysglimt.net
Hovudtillitsvald: Karen Kvinge, mob: 992 91 547

Ongdomsklubben
Klubben er ein møtestad for ungdom for heile kommunen, og dei samlast i bedehuset på Storebø kvar laurdag. Målet er å gjera Jesus kjend og etterfylgd i eit trygt og sosialt miljø. UK står for fleire arrangement på vekedagane, som til dømes lovsongøvingar, danseøving og turn. Klubben er for alle ungdommar frå 8. klasse av, og er ikkje medlemsbasert.
Kontaktinformasjon:
Leiar: Stein Magnar Kalvenes, mob: 483 51 496
E-post: ongdomsklubben@hotmail.com
www.ongdomsklubben.com

Austevoll Raudekrossen
Raudekrossen i Austevoll Driv bygdekinoen i Kultursalen på Storebø ein gong i månaden, og besøksteneste på po-senteret kvar onsdag. Klubblokalet deira er i gamleskulen på Storebø, der medlemsmøta fyrste måndagen i månaden går før seg. Raudekrossen, som har godt over hundre medlemmar, arbeidar med å oppretta eit hjelpekorps i kommunen.
Kontaktinformasjon:
Leiar: Janette S. Kjellevold, mob: 957 23 205
E-post: janette.k@lysglimt.net