1. Storsmuglaren Magnus Aarland og hans meritter på Grini

 

Marsteinen 9. februar 1979

Skipperen som tok tyskarane ved nasen og frakta med seg ca 250 illegale brev.

Eit stole intervju med ein som ikkje eigde nervar.
Utdrag frå Tvedestrandposten 17. juli 1945 (omsett til nynorsk)

Den norske sjømann er et gjennombarket folkeferd, hvor fartøy flytre kan der er han første mann heiter det i songen – og med rette. Men under okkupasjonsåra viste det seg at dei også, kunne utretta atskillig frå landjorda. Det var dei mange skipsreiarane på Grini eit strålande døme på.
Me hadde på rommet vårt eit strålande døme av rasen, som heller ikkje i fangenskap, kunne halda seg i ro. Mannen heitte skipper Magnus Aarland og var frå Bekkjarvik ved Bergen.
Sjølv i fangenskap gløymer ein ikkje geskjeften sin, så eg nytta høve til eit intervju, og pumpa han for ein del stoff frå smuglartida hans. Dette trur eg nok kan ha si interesse for lesarane.
– Du Aarland, kva kunne det koma seg av at du byrja på utekommando (Der var nemleg delte meiningar om riktigheita av å melda seg på utekommando frivillig)?
– Jo, eg byrja på såkalla utekommando utelukkande for å hjelpa medfangane mine med smugling av brev og innsmugling av tobakk, som det jo var svært vanskeleg med, byrjar Aarland.

Brev på magen
– På kva måte lurte du tyskarane under transporten?
– Breva var – som du jo av eigen erfaring kjenner til – skrive på tynt klosettpapir. Desse vart så pakka inn i ein lang pose som eg bar på magen under undertrøya, festa med ei sikringsnål. Ein morgon hadde eg ikkje mindre enn ni brev med ut. I alt trur eg at eg har frakta med meg ca 250 brev – og eg har aldri blitt hukka under ei undersøking av tyskarane.
– Fint gjort, Aarland. Og så den herlige tobakken…
– Ja, den du – den trafikken har eg hatt mykje glade av. Du – som sjølv hóla ut trebotnane for meg – veit jo at eg smugla inn tobakk i dei.
(Her skuldar eg å skyta inn ein merknad. Trebotnane var uthòla i hælane så mykje dei kunne tåla. Over hòlet ein lærsåle som svarte til hælen og så hælringen utanpå her. Så var det å festa den med ein større skrue bak og to mindre stift framme. Han kunne så lausna desse to stiftane og svinga både hælring og lærlapp rundt. Dette gjekk fin-fint.)

Flesk til kvelds
– Sidan, held Aarland fram, brukte eg gummistøvlane. I desse sjøstøvlane har eg smugla inn mykje tobakk. Men eg hadde også tobakk i posar på magen. Så sant eg fekk tak i det, gløymte eg heller ikkje flesk til kvelds. For ikkje å gløyma gryna til den nydelege havregrauten! Hadde eg ikkje fått fiksa dette og det andre med O-pakkene var eg vel gått endå meir ned i vekt, smilar han.
(Han har gått ned ca 30 kilo i vekt – og ved storsleppet hadde han stort strev med å få buksene til å hengja så nokolunde. Det kunne nemleg gå ein slank kar oppi ved sida av han – og han kjende seg visstnok svært åleine i dei? Men trass i tyskarvakta hadde han fått ordna det slik at det hang ein ny dress til han i Oslo, måla etter hans nye korpus. Stikk den!)

Gode råd dyre
– Du klarte alltid undersøkingane?
– Ja, eg har ikkje blitt hukka ein einaste gong på dei tre månadane eg har drive med smuglartrafikken min, smilar Aarland. Undersøkingane kunne både vera grundige og mindre grundige. Ein gong hadde eg 60 sigarettar i støvlane då me kom. Tyskaren denne dagen var ein satan, han undersøkte oss grundig på kroppen og så kravde han støvlane av.
No var gode råd dyre. Som du ser er det sjøstøvlar eg har. Eg rulla dei lynraskt opp og hukka sigarettane fast under knea og drog samstundes av meg støvlane. Tyskarane merka ikkje noko merkeleg i denne manøveren, og eg klarte meg unna skjera. Han hadde som nemnd fyrst undersøkt kroppen og gjorde det ikkje om att. Men det var nære kollsegling, seier Aarland og godtar seg over den lurte tyskaren.
– Jo, forresten, nede på Furulund blei eg teken på fersk gjerning ein gong (Aarland har rota godt i minnet.) Vaktsjefen vart forbanna for at eg ikkje hadde jakka på meg. Dette hadde sin årsak. Eg kunne ikkje ha den på meg, for i den var det havregryn og matpakke.
For å gjera historia kort; enden på visa blei at pakkene fekk ein annan eigar og eg blei nekta utekommando.
Men den gong ei… Eg gav meg ikkje. Tre dagar etter var eg på utekommando att og heldt fram tre veker utan at tyskarane oppdaga det.
(Han heldt fram med det til freden kom og blei ikkje oppdaga, men eg ville nødig vore i hans bukser, viss dei hadde oppdaga det.)

Det vanka pryl
– Alle desse breva, kom dei adressanten i hende trur du?
– Hovudparten av dei – og det resulterte i at mange ein slunken mage slutta med å skrika for ei stund og mang ei tim snadde blei fylt hos fangane. Og så veit du jo alle tipsa vedrørande O-pakkane, som blei sendt i alle breva.
– Det blei vel pryl viss dei fann noko hos utekommandoen?
– Ja, det skal eg seia. Fann dei ein sigarettstump i lomma blei det bank, harde slag i ansiktet, hinlegen og pumping. Dette medverka til at mange ikkje våga å ta sjansen. Ein hamna jo også på Haft (isolatavdelinga) for smuglinga.
– Korleis var folk ute som de prøvde å koma i kontakt med?
– Svært imøtekommande. Dei har vore snille og flinke til å møta opp med matpakkar og røykesaker. Utekommandoen bringer difor desse menneska sin djupkjende takk for den tida dei var ute. Eit par strålande døme på desse hjartegode menneska er fru Ekelund og frk. Ørnen – eller tante, som me kallar henne.

I nye skjorter
(Dette siste bekjentskapet resulterte forøvrig til at enkelte på Aarlands rom fekk såkalla O-pakkar frå tante ofte. Ho hugsa sine også innanfor piggtråden. Aarland og bakkasserer Harald Nordenborg frå Stord fekk nye og fine skjorter frå henne til heimreisa. Eit prektig menneske.)
– Korleis greidde de å få tak i pakkane?
– Me måtte fyrst sondera terrenget. Var det så greie postar me hadde, gjekk det fint. Var det umulige postar, var det svært vanskeleg, men me gav oss jo ikkje i fyrste omgong. Frekkheita og motet har hjelpt så mange, sluttar Aarland med sitt gode og lure smil, som kjem frå augo og breier seg over heile ansiktet hans.
Ein kjernekar blant nordmenn.
Det var ingen som fekk Aarland til å ta ut brev viss han ikkje kjende vedkommande godt og kunne stola på han. Dertil var det for mange angjevarar i leiren. Men viss vedkommande hadde funne nåde for hans auge, var det ikkje nei i hans munn. Aarland gjorde mange ein uvurderleg teneste.

Mat til reiaren
Aarland var ein godhjarta kar, ingen knussel der i garden. Han heldt mange med tobakk der inne, særs kjenningar frå heimtraktene. Men eg trur det var krona på verket den dagen hans reder kom inn til han og han kunne by han på både tobakk og mat. Då formeleg koste Aarland seg, så det var synleg lang veg.
Slik var han – denne kar med hjartet på rette stad – mannen utan nervar og med det ukuelege og strålande humør. Denne tettbygde og kraftige havets son hadde trassa uvêret før og ridd av mang ein hard storm – som lo som om sjøen fossa om baugen.
Takk, Aarland, for din strålande innsats også på Grini. Som postmann og forsyningsminister. Stuebelegget gløymer nok ikkje deg, din lurifaks…

Thom.

Bilete av Magnus Aarland