2. Aprildagane

 

Krigen og Austevoll
Av Finn Dyngvold
Marsteinen 30. august 1979

Då den tyske angrepsstyrken natt til tysdag 9. april 1940 stemna inn Krossfjorden, låg vel dei fleste austevollingar i djup svevn. Natta var mørk og det var truleg lite dei 1 900 tyske soldatane såg av landet på styrbord side. Sjøen var roleg, berre med ein lett nordaust bris.
Men det var nokre som ikkje sov.
Lars Gravdal var den gong 22 år. I 1938 hadde han vore inne til fyrstegangsteneste og vart i mars 1940 kalla inn til repetisjon og nøytralitetsvakt på Syfteland. Han høyrde til 1. kompani av IR 9 og var geværmann.
Klokka 01.30 gjekk alarmen. Tyskarane var på veg. Kompaniet, som var på snaue 150 mann, vart teken ut til å forsvara Kvarven. Med Os-bussar vert dei transportert til Nygård gravplass, der dei fekk utdelt 150 skot kvar og tok så stilling i nærleiken. Tyskarane hadde då allereie landsett soldatar i Valheimsvika og opna eld.
Tilhøva førde til at det vart ein heller kort kamp. Etter eit par timar var heile kompaniet teken til fange og internert på Marineholmen.

Då var det Lars rømde.
Han sat saman med kameraten og sambygdingen Johan Båtevik og såleis fall orda:
– Me rømer, Johan.
– Nei, Lars. Det vert den visse død.
– Det vert det likevel, svara Lars.
Det siste svaret må sjåast på bakgrunn av rykta om engelsk bombing av Bergen og då var nok krigsfangar ille ute.
Iallefall – Lars passa vel på då vakta var utanfor synsvidde, rende til og klarte ved å ta ut sine siste krefter, å koma over gjerdet. Derifrå slapp han seg ned, hamna i ein bærhage, kom seg inn i næraste privathus, fekk låna seg sivile klede og kom seg heim til Austevoll via Tysnes.
Seinare prøvde han å koma seg til Voss, for å slutta seg til styrkane der, med vegen var stengd.

Harde kampar
Martin Tøkje var òg vaken den natta. Frå mars hadde han vore på nøytralitetsvakt på Ulven. Han høyrde til eit mitraljøsekompani og var ammunisjonsbærer.
Om natta vart det oppstilling og marsj til Lysekloster, der dei tok til å grava skyttergraver, medan dei tyske bombeflya dura over hovuda deira på veg nordover. Dei villeste rykte tok til å gå. Mellom anna var 1. kompani av IR 9 heilt utsletta (det Lars høyrde til) og det var heller dårleg stemning i bussen på veg inn til Nesttun. Men ferda gjekk vidare. Det vart vedteke at avdelinga skulle til Voss, og neste dag drog dei med tog.
På Voss dreiv dei med øvingar i ei veke.
Tyskarane gjorde no alt for å ta dette knutepunktet, som òg var samlingsstad for ei stor hæravdeling. Ved Vaksdal/Stanghelle vart tyskarane førebels stoppa, og no prøvde dei ein annan veg, nemleg å ta Voss frå baksida, det vil seia frå Granvin.
Martin Tøkje si avdeling fekk ordre om å ta stilling i tunnelane ved Skjervet ovanfor Granvin. Tyskarane rykte snøgt fram og nytta bombekastarar og automatgeværeld. Det kom til harde kampar der nordmennene til slutt måtte trekkja seg attende over fjellet. Martin var såra av rikosjett og sleit fleire timar i våt snø før dei kom seg ned til ein gard og fekk hjelp. Sidan låg han ein månad på Voss sjukehus.
Med ved Skjervet var òg:
Nils Djupevåg (død), bombekastar.
Sverre Tøkje
Mikal Kalvenes?
Nordmennene miste fire menn i desse kampane. Medan tyskarane hadde 30 falne.

Kjelder:
Andreas Hauge: Kampane i Noreg 1940. Bind 1
Opplysningar gjeve at: Lars Grasdal, Martin Tøkje.