Om Austevoll

 

Der storhavet knusar mot strand og berg, på den sekstiande breiddegraden, ligg arkipelet Austevoll. 667 øyar, holmar og skjer utgjer det varierte smykket av ei øygruppe.

Austevoll er eigen kommune, som dei siste åra har sanka fruktene av samvitsfullt og godt arbeid i næringslivet, med fiskeoppdrett, havfiske og offshore som hovudnæringar. Auka busetnad, og fleire fritids- og kulturaktivitetar er blant indikatorane på at austevollingane trivst på øyane sine.
Austevoll har landets leiande pelagiske havfiskeflåte. Dette er høgteknologiske fartøy, som i hovudsak nyttar ringnót til å fanga sild og makrell. Trål vert nytta til kolmulefiske, som er blitt mykje mindre i omfang dei siste åra. Austevoll er på ein god tredjeplass i Noreg når det gjeld omfang av lakse- og sjøaureoppdrett.

Dei største og mest folkerike øyane er Stolmen, Selbjørn, Huftarøy, Hundvåkøy og Storekalsøy. Blant dei 667 øyane, holmane og skjera, finn me òg landemerket Marstein fyr. Lykta har lyst sidan 1877, og var sikkert det siste mange utvandrarar såg av gamlelandet på vegen over Atlanteren. Likeeins han nok blinket vore eit kjærteikn på netthinna for mange sjøfolk som har lengta heim, når Bergen eller andre hamner i nærleiken han veta på å ta imot båtane eller skipa deira.