Få med deg

 

Der natur, kultur og historie kryssar kvarande, er Austevoll på sitt beste. Frå den grøderike husmannsplassen Hottvik på Selbjørn i sør, Hengjo i Bekkjarvik, via Møllo i Vestre Vinnesvåg til kommunesenteret Storebø, vidare til Hufthamartunet og Marstein fyr i nord: Alt er verdt å få med seg.

Byrjar me i nordvest, er Marstein fyr eit av dei mest kjende landemerka på Vestlandskysten. Der bårene marmar mot holmen, nesten alltid med ilter snert, har mang ein fyrvoktar speida ut i Krossfjorden etter skip og båtar på ved ut i den store verda, eller til kai i Bergen eller andre stadar på innsida av skjergarden. Avdøydde Gisle Klepsvik, som var ein av dei som hadde fyret som arbeidsplass, fortalde at dei ofte var redde der dei sat i fyrmeistarbustaden medan stormane ulte utanfor. I dag er det tradisjonsrike fyret overteke av ei stifting, som satsar på turisme og konferansar for dei som er på jakt etter det eksotiske.

Hufthamartunet er eit særleg godt bevart bygdetun. Låg under taket, røykestove og meir til er det å sjå i dei spesielle bygningane. Tilgang og omvising kan avtalast med Austevoll kommune.

I kommunesenteret Storebø er området kring Prestaneset og Gamle prestagarden i rivande utvikling. Årleg vert musikkfestivalen Havfest arrangert i hagen. Fyrste gang var i 2010, med Datarock som største trekkplaster. I nærleiken finn du Alfabygget, som husar Austevoll Seafood- og DOF-konserna sine administrasjonar, Austevoll fiskeindustri, Austevoll kyrkje og sjølvsagt kommunehuset.

Den gamle Møllo i Vinnesvågen er ein annan stad som er verdt å trekkja fram. Pussa opp av entusiastar ligg mølla som ein lite smykkeskrin mellom berget, sjøen og ei av dei flottaste sandstrendene i Austevoll. Staden er åreskiftestasjon, det vil seia at du kan overnatta der. Vatn får du få, men varmt er det ikkje – enno vel å merka.

Bekkjarvik vert av mange trekt fram som kulturhovudstaden i Austevoll. Eit levande kremmarleie i fleire hundre år, pulserer enno. Utanom butikkar og gjestgiveri er det spesielt den gamle nóthengja som er å merka seg. Hengjo, eller Galgjen som mange òg kalla henne, vart nytta til å tørka fiskenøter i den tida dei vart laga av bomull. Då ein gjekk over til nylon, vart nóthengja verande, men er i dei seinare åra blitt nytta som kulturarena fleire gongar for året. Hengjo er den nest største i sitt slag, og vert trekt fram av einskilde som kystkulturen sitt svar på Notre Dame.

Mange av nordsjøløypene har kvalitetar som ein rett og slett bør få med seg: Ein av dei vakraste og grønaste stadane i Austevoll er den sørvende, gamle husmannsplassen Hotvik. Det er nærast ei unik naturoppleving å liggja her i telt på seinvåren og høyra fuglelivet som formeleg boblar over av livslyst på denne tida.