Offshore

 

Det er slett ikkje berre i fiskeri Austevoll gjer seg kjent, øyane er òg heimen til det børsnoterte offshoreselskapet DOF, som sjølve og gjennom dotterselskap i utlandet, opererer kring 60 skip. I tillegg til vanlege forsyningsskip til boreriggar og plattformar, eig selskapet òg ei rekkje ankerhandteringsfartøy og spesialskip for konstruksjon på store havdjup. Eit anna selskap, Norfield, har ein flåte på seks seismiske leitefartøy. North Sea Shipping ved Bakkasund har 13 skip under paraplyen sin, blant dei fleire konstruksjons- og kabelleggingsskip. Alle selskapa har hovudkvartera sine i Austevoll, og opererer over heile verda.