Oppdrett

 

Austevoll er heimen til Sjøtroll havbruk som totalt har 25 matfiskkonsesjonar spreidd i Hordaland. Selskapet har og fire settefiskkonsesjonar og to foredlingsanlegg. Lerøy Vest har òg fleire konsesjonar i Austevoll, medan Troland lakseoppdrett har to konsesjonar. Austevoll Melaks har tre konsesjonar, og Langøylaks på Møkster har to. I tillegg til desse produksjonsanlegga, er ein viktig del av Havforskningsinstituttet si forsking kring opprett stasjonert ved Sauaneset, aust på Huftarøy.