Utstyrsindustri

 

Mørenot held til på Salthella.

Ei lita klynge verksemder i Austevoll produserer utstyr til skipsfart og oppdrett. Blant dei er skipstavlespesialistane i Kolbeinsvik, som nyleg vart innlemma i det store Rolls-Royce-konsernet. I same bygd ligg hovudadministrasjonen til Ocea, eit konsern som lagar forflåtar og anna utstyr til oppdrettsindustrien. Mesteparten av produksjonen går føre seg i Baltikum, men selskapet har òg forgreiningar til Chile.
På Selbjørn er det nøter til fiskebåtar som er fokus for MøreNot sitt anlegg på Salthella og på Rabben er Egersund-konsernet til stade med eit installasjonar for vedlikehald av store oppdrettsmerdnøter og andre tenester knytt til oppdrettarar.