Servicenæring

 

Tilbodet til austevollingane er i stadig betring. Per i dag finst åtte matvarebutikkar på øyane, og i fylgje det lokale næringsrådet har dei ein omsetnad på rundt rekna 130 millionar kroner. Skobutikk, gåver, reisebyrå, møbelhandlar, sportsforretning, to blomsterbutikkar og utsal for klede. Austevoll har mykje å by på, og utvalet vert snart komplementert av apotek og minipol.
Bekkjarvik gjestgiveri byggjer seg stadig eit sterkare merkenamn, med idyllisk lokalisering i Bekkjarvik, og eit vel av suitar og godrom for overnattande eller næringslivsfolk på kurs og konferanse. Kjent òg for eit godt kjøken som nyttar lokale råvarer.