3. Kampane i Osterfjorden

 

Krigen og Austevoll
Av Finn Dyngvold
Marsteinen 6. september 1979

Olav H. Drønen frå Drøna i Austevoll var ved krigsutbrotet vernepliktig fenrik og nestkommanderande på tryggingsfartøyet «Øygar». Natt til den 9. april klokka 3 fekk dei ordre om å gå frå Bergen til lufthamna Flatøy. På veg ut såg dei at kryssaren «Köningsberg» alt hadde passert Kvarven festning og dei heldt faktisk på å kollidera med livbåtar fullasta av tyske soldatar som skulle setjast i land.

På Frekhaug ringde dei til Bergen for å rapportera kva dei hadde sett, men byen var då alt teken.
Dei gjekk så inn i Osterfjorden/Sørfjorden, der dei dreiv patruljeteneste fram til 21. april. 19. april vart sjefen om bord løytnant Hellem sendt til Uskedalen, og Drønen tok over same dagen.
20. april byrja tyskarane framrykkinga mot Voss langs Bergensbana. Det kom til kampar i nærleiken av Vaksdal. Tyskarane trakk seg attende, men kom sterkare att dagen etter.
«Øygar», som 21. april låg ved Stamnes, fekk klokka 12 ordre om å gå til Vaksdal for å støtta dei norske styrkane der med kanoneld. Då dei kom fram opna dei straks eld med sin einaste 76 mm kanon mot tyskarane sitt hovudkvarter, og fekk snart inn to fulltreffarar i huset der den tyske bataljonskommandoen heldt til. Det vart òg sett fleire nedslag i dei tyske infanteristillingane.
Etter 20 minuttar kom ein tysk armert trålar ut frå Ulsnes og opna eld mot «Øygar». Under skotvekslingane fekk «Øygar» inn ein fulltreffar midtskips på det tyske fartøyet, som gjekk attende til Ulsnes sterkt skadd. 15 minuttar seinare kom ein tysk torpedobåt inn Sørfjorden og tok «Øygar» under kanoneld. Heile tida vart det skote med mitraljøser og bombekastarar frå tyske stillingar på land, men utan å valda skade på båten. Den tyske torpedobåten skaut så to torpedoar mot «Øygar». Drønen gav då ordre til mannskapet om å søkja dekning i land. Begge torpedoane gjekk i fjellveggen litt nord for Vaksdal. Ved sprenginga vart fire menn lettare skadd.
Etter ein time gjekk Drønen og tre menn om bord att, fekk båten til Stanghelle, der dei andre kom til. Dei gjekk så til Stamneshella.
Den 24. april fekk Drønen ordre om å leggja opp fartøyet og dimittera mannskapet. Om natta gjekk dei inn til Mo, inst i Mofjorden, der «Øygar» klokka 10 den 25. april vart fortøydd i ei vik. Ammunisjonen vart teken i land og gøymt. Kanonen og maskinen vart gjort ubrukeleg ved at vitale delar vart fjerna. Deretter for mannskapet til Sogn.
Olav H. Drønen skulle verta ein plagsam mann for tyskarane.

Kjelder:
Norges sjøkrig 1940-45. Bind 3
Opplysningar av Olav Drønen.