4. Flukta med M/B “Kolbjørn”

 

Krigen og Austevoll
Av Finn Dyngvold
Marsteinen 13. september 1979

«Eit ord er eit ord og ein mann er ein mann»

Omkring 20. august kom gavlabåten «Kolbjørn» attende frå brislingfiske. «Kolbjørn» var ein 42 fot utrusta med ein 20 hk Wichman-motor. Eigar var Halvard Møgster, Kolbeinsvik, og med på fiske var sønene hans og ein del andre frå bygda, mellom anna Mikkel Vassnes.

Omkring desse tider gjekk brørne Magnus og Gunnar Nordstrand og venta på innkalling til arbeidstenesta. Dette ville dei for all del ikkje vera med på og planla flukt. Torkjell Rostøen var òg ivrig etter å koma vestover. Han hadde vore med i kampane i Valdres, vart teken til fange, internert på Hvalsmoen og sleppt fri den 17. mai (!) mot å lova på æresord aldri å lyfta hand mot den tyske vernemakta. Han gjekk attende til formannsjobben i steinbrotet i Busepollen, hadde det trygt og godt der, men treivst ikkje. Harmen over tyskarane si framferd vart større og større.
På Storebø var det òg nokre karar som måtte vestover. Kontaktmannen deira var Lars Røstøen.
På Møkster budde det ein mann, Karl Møgster. Han var nygift og hadde nett bygt seg hus. Kona var frå Telavåg. Ved eit eller anna høve hadde han sagt at han ikkje ville seia nei til å føra båt over havet dersom nokon bad om det. Dette hadde brørne Nordstrand fått nyss i og dei bad Torkjell dra ut til Møkster og spørja. Torkjell tok då motorbåten sin «Alden» og fòr. Han trefte Karl, dei hadde aldri tidlegare helst på kvarandre, og han var i byrjinga svært skeptisk. Etterkvart forstod han at det var alvor.
– Eit ord er eit ord, ein mann er ein mann. Det er i orden.
Dei reint praktiske ting i samband med ferda vart så ordna av Lars Røstøen og Lilly Blix (søster til Torkjell). Desse to var i røynda dei einaste utanom rømlingane som visste om kva som skulle skje. Dei sytte for proviant og klede og om kvelden den 21. august gjekk så Lars til Storebø og henta tre menn der, stakk oppom Rostøy og henta Torkjell og for vidare til Busepollen. Der kom «Kolbjørn». Dei fekk om bord fem fat olje frå lageret i steinbrotet og var klare til å reisa. Det viste seg då at dei fekk motortrøbbel og Lars måtte taua dei utover. Fyrst ved Jørnesskjeret fekk dei motoren i gong att og Torkjell Heimark kunne kasta laus.

Lars hugsar godt då Torkjell tok opp lommeboka og gav han nokre pengesetlar.
– Dette må du gje til mor.

Kva fortel ikkje desse få orda: Framføre dei Nordsjøen med uvêr, tyske fly og ubåtar, uvissa for framtida. Attende sat mor med søner i utlegd, angst og otte.

På Møkster kom så Karl og kona om bord. Det siste dei såg av det levande Noreg var Abelone på kaia. Ho slengde om bord nokre sild. Dei måtte då skjøne at dersom dei vart oppdaga så gjaldt det å lata som dei var i lovleg ærend. Så planta ho nevane djupt i bukselommene, spytta to gonger i sjøen med eit tvi-tvi og ynskte dei god tur.
Vidunderlege Abelone…

Det viste seg at dei hadde dårleg kompass. Men Karl navigerte med Nordsjøkart og loddskot og valde Orknøyane i staden for Shetland for ikkje å gå nordafor.

23. august fekk dei landkjenning ved Orknøyane. Desse var med:
Torkjell Heimark, Heimark.
Anton Kolbeinsvik, Kolbeinsvik
Karl og Inga Møgster, Møkster
Gunnar Nordstrand, Kolbeinsvik
Magnus Nordstrand, Kolbeinsvik
Peder Ringdal, Storebø
Torkjell Rostøen, Rostøy
Egil Storebø, Storebø

Kjelder:
Ragnar Ulstein: Englandsfarten. Bind 2.
Opplysningar gjeven av: Lars Røstøen, Torkjell Rostøen, Gunnar Nordstrand.