5. “Sjølyst” sin fyrste tur

 

Krigen og Austevoll4
Av Finn Dyngvold
Marsteinen 20. september 1979

Ein dag kring månadsskiftet august -september 1941 hadde Lars Røstøen eit ærend til lensmannen i Klokkarvik. Då han skulle fara att, bøygde Vassenden seg ned mot han i det han seier halvhøgt:
– Du trur ikkje du kunne ta med deg to karar eg har her?
Karane det gjaldt – og som Vassenden heldt i dekning for tyskarane – var Frank Mohn, bergensar, ettersøkt av Gestapo, og Brynjulf Liland frå Voss. Som alltid i slike høve var det ikkje nei i Lars sin munn og dei vart med sørover til Austevoll, der dei fekk bu så lenge.

Ved fyrste englandsferd med «Kolbjørn» var det berre austevollingar med, men etterkvart byrja det å strøyma folk til frå fastlandet, og som vart heldt i dekning ute i øyane. Det kunne vera så mange grunnar til å fara vestover. Nokre var ettersøkte av tyskarane av ymse grunnar, og dei hasta det for, men dei fleste drog nok av fri vilje for å slutta seg til motstandskampen saman med dei allierte. Dei fleste drog frå Bremnes, som vart eit senter for englandsfarten, men nokre reiste òg frå Austevoll.

Ein dag i byrjinga av september var det klart for ferd. Båten dei skulle fara med var frakteskuta «Sjølyst» H-139-F, ein kutter på 55 fot med ein 30 hk Union. Eigar var Frank Mohn.

Møkster var, som då «Kolbjørn» drog, siste stoppestad i heimlandet, men i motsetnad til den gong, var det ikkje berre Abelone som stod på kaien. Om dette skriv Ole Friele Backer, som sjølv var med.

Siste anløpsstedet var Møkster, rett ut i havgapet. Der stod hele befolkningen og ventet på kaien. Det såg mere ut som om det var en vanlig rutebåt som kom og ikke en skøyte som skulle lure seg av sted. Mens vi lå ved kaien, stod det et kjærestepar med ett ben på kaien og det andre på rekken. Ka trur du, sa han, ska vi bli med? Ja, ka trur du? sa hun. Ja, vil du, så vil eg, sa han. Ja viss du vil så vil eg, svarte hun. Før de to rakk å bli enige la båten fra land og det bar til havs.

Om avreisa fortel Frank Mohn: Vi har alt mellom 25 og 30 personer og båten tåler ikke mer belastning. På kaien stod det sikkert 30-40 mennesker, som alle så ut til å være innstilt på å fare vestover. Det var ikke annet å gjøre enn å trekke fram en Colt-pistol, som jeg hadde, og true folk til å holde seg unna.

Så la dei då i veg i frisk nordvest kuling ut Skoltafjorden, og kursen vart sett rett på Shetland. Utpå morgonen auka kulingen til storm og sjøen stod rett på. Båten arbeidde tungt og gjorde liten fart. Det byrja å koma feilslag frå motoren og brått stogga maskinen. «Sjølyst» var sprunge lekk og tok inn vatn. Svinghjulet dreiv vatnet over maskinen. Det vart ein hard tørn ved pumpene, attåt det var dei fleste sjøsjuke. Dei var no i havsnaud. Storseglet vart heist, men straks flerra av eit stormkast. Sameleis gjekk det med fokken, men med hjelp av ei lita stormfokk som Sverre Østervold hadde utstyrt dei med, klarte dei å halda styring på båten.
Det var inga anna råd enn å snu. For dei sjøsterke var tanken på kva som kunne skje når dei nærma seg land skremmande, dei sjøsjuke var likeglade med.
Då var det at ulukka hende. Under skifte av pumpemannskap på dekk vart ein ungdom på 18 år, Henrik Karlsen (eigentleg frå Fitjar, men den gong gardsdreng på Møkster), teken av ein bråttsjø og ført over bord, men kom attende med bylgja. Han vart då slengd over rekka, fekk brot på hjerneskallen og døydde så og seia straks.

No var gode råd dyre. Ikkje nok med at dei dreiv for vêr og vind innetter kysten att. I tillegg hadde dei fått ein død mann om bord. Kva skulle dei gjera med liket? Om dette skreiv Ole F. Backer; Det ble holdt nytt skipsråd. Det mest fornuftige ville være å senke liket i sjøen, men det var det ingen som hadde riktig lyst til. Nei, sa Anton, det vil vi alltid komme til å angre på siden, plasket vil bli sittende i ørene på oss og plage oss resten av livet. Skipperen tok da på seg å bringe den døde vennen vår til presten.

Då dei nærma seg kysten spakna vind og sjø noko. Dei fekk òg i gang maskinen, og for sakte fart bar det innover. Det var stor spaning korleis dette ville gå, men det gjekk betre enn frykta. Ved eit høve flaug eit stort tysk sjøfly over dei, men alle vart ordra under dekk att og tyskarane trudde vel det var ei fiskeskøyte.

Rømlingane vart så sette i land på ulike øyer. På vestsida av Drøna vart mange sette i land og resten fortsette så til Storebø, der «Sjølyst» vart fortøydd ved kaien slik at han ikkje skulle søkka.

Den døde guten tok så Frank Mohn på ryggen og bar han opp bakken til presten, islendingen Thorsteinsson. Han skjøna alvoret og synte sitt aller beste hjartelag. F. Mohn kan ikkje nok få rost denne kyrkjetenar, som ovanfor stefar til guten – lensmann Jeremiassen på Fitjar – fekk til ei dekkhistorie om at det var hendt ei ulukke på fiske. Òg legg Frank til: Og for oss andre som var i ei svært vanskeleg stilling, lå presten og ba hele natten.
Rømlingane spreidde seg så i distriktet.

Det finst inga liste over kven som var med på denne turen. Me veit at det var om lag 30 personar. På ymse vis har me fått veta at desse var med:
Frank Mohn – Fana
Brynjulf Liland – Voss
Per Bjoland – Fana
Sverre Bjordal – Fana
Sverre Hamre – Fana (Den gong fenrik, 1979: general og forsvarssjef)
Grethe Solberg Johansen – Bergen
Ole Friene Backer – Bergen
Harald Husfest – Florø/Austevoll
Eva Mohn – Fana
Severin Møller – Bergen
Klaus Døscher – Bergen
Knut Heimark – Storholmen, Austevoll
Rikard Storebø – Storebø
John Søreide – Eido, Austevoll
Alfred Vevatne – Eido, Austevoll
Henrik Karlsen – Fitjar/Møkster
Arne R. Storebø – Storebø
Torfinn Furevik – Møkster
Harald, Birger, Mons og Sigurd Haukanes, alle brør frå Haukanes.
Arthur Storebø (Notnæs)

Dessutan veit me at det var med ein mann ved namn Anton (truleg utanbygds) og to frå Storebø ved namn Skåtun(?).

Då dei trakta heimatt over myrene til Eido og Haukanes sa John Søreide at dei aldri meir skulle ta på slikt. Men Harald Haukanes meinte at vart det ny tur måtte han og brørne få veta om det. Lagnaden ville det slik at snaue to veker seinare var det John som reiste med «Sjøliv» – og vart verande i Skottland resten av livet. Men Harald og brørne fekk ingen beskjed – og nye høve baud seg ikkje seinare.

Kjelder:
Ole Friele Backer: Krigsfotografen.
Opplysningar gjevne av: Frank Mohn, Sverre Hamre, Harald Møgster, Harald Haukanes, Lars Røstøen og Gunvald Søreide.