6. “Sjølivet” skiftar eigar – Rømlingane får ein ny sjanse

 

Krigen og Austevoll
Av Finn Dyngvold
Marsteinen 27. september 1979

Etter den mislukka turen med «Sjølyst» reiste Frank Mohn inn til Hjellestad og budde der ei tid, men kom attende til Austevoll og dekk bu på Drøna hjå Hans og Anna Drønen, foreldra til Olav Drønen. Andre rømlingar frå «Sjølyst»-turen heldt til hjå Lars og Birgitta Røstøen i Rostøysundet. Der vart det etterkvart folksamt. På eit tidspunkt heldt dei tolv menn i dekning.

For Frank Mohn var det avgjerande å koma seg vestover. Men dei måtte då ha ny båt. Olav Drønen kom då til å hugsa på «Sjølivet», ei 52-fots skøyte med ein 30 hk Rubb., som far hans og onklane dreiv fiske med. Farbroren Anton vart kontakta og kom ut til Drøna. I byrjinga var han ikkje viljug til å selja, båten var heile levebrødet og framtida deira, men då han skjøna alvoret og stoda dei var i, vart det sal. For folk i bygda skulle det heite at båten var stolen.
Lars Røstøen var nok ein gong mellommann. Han ringde til kontorsjefen hjå Frank Mohn, Alf Madsen, og ordren laud på 2 meter messingstang 40mm. Det var koden for kjøpesummen. Brynjulf Liland reiste til Bergen og henta pengane, og om sundagen 21. september var det klart for ferd. Ole Friele Backer fortel: Endelig en kveld ble det alvor. I en robåt ble vi ført over til et naust på en liten holme. Claus, Severin og flere karar fra forrige tur var samlet der, men det var ingen båt. Skodden som hadde ligget tykk i flere dager, begynte å lette, men timene gikk utover kvelden uten at noe hendte. Endelig ved midnatt hørtes bankingen fra en motor, og i mørket kom det stikkende frem et solid og fint fartøy. Det var «Sjølivet». Skipperen, Lars Drønen, var en traust kar. Skuta var i tipp-topp stand, og den var rikelig utrustet, så Lars mente vi kunne gå til Amerika om det skulle bli nødvendig. Straks alle var om bord bar det til havs.
Dei fekk ein fin overfart. Rett nok flaug det ein Messerschmidt over dei, men såg dei ikkje i tåkedisen. Tre timar seinare oppdaga dei vraket av ei skøyte. Stevnen flaut så vidt i vassflata. Det var friske oljeflakkar på sjøen, men ikkje liv. Truleg har dette vore vraket av M/B «Odd», som drog frå Sunnfjord på omtrent same tid med tre nordmenn. Det kan ha vore fly som hadde søkt båten.
Den 23. september kom dei til Out Skerries midt på Shetland. Den dagen var eit høgdepunkt i englandsferda. I alt kom det inn til Lerwick fire båtar med over 90 personar.
Eldstemann på turen med «Sjølivet», Ole Friele Backer, var fotograf. Då dei nærma seg Shetland vart det difor teken eit bilete av mannskapet, eit av dei få som finst frå denne tida. Backer døydde i 1947, berre 40 år gamal. Med løyve frå enka, fru Ina Backer, viser me dette biletet. Det er oppattfotografert frå boka Krigsfotografen, og difor ikkje heilt godt.

I alt 17 personar var med på turen. Når det gjeld namn viser me til tekst under biletet.
Etter at «Sjølivet» kom til England vart båten lagt inn under marinens kommando, og gjorde ei mengde turar til Noreg. I åra som fylgde skulle denne 52-fots skøyta verta oppteken med heilt andre ting enn fiske. Mellom anna vart båten nytta som mineutleggjar.

Bt: I styrhuset frå venstre: Knut Heimark, Austevoll og Otto Grieg Tidemand, Bergen.
På dekk frå venstre: Brynjulf Liland, Voss (omkom under fallskjermtrening i England), Ukjend (topplue), Konrad Drønen, Austevoll, Lars Drønen, Austevoll (lusekofte), Alfred Vevatne, Austevoll, ukjend (regnfrakk), Tormod Søreide, Blåsternes Austevoll, John Søreide, Eido Austevoll, Arthur (Notanes) Storebø (skyggelue), Storebø, Harald A. Møgster (hatt), Kolbeinsvik, Frank Mohn (kjeledress), Fana, Harald Husefest, Florø, ukjend, Arne R. Storebø, Austevoll.

Son til lensmannen fer til England

Same dag som «Sjølivet» la til kai i Lerwick, vart det førebudd ei ny rømming på hi sida av Nordsjøen. Utpå kvelden 23. september gjekk det eit fylgje over fjellet frå Klokkarvik til Steinsland, der skøyta «Sund-I» venta. Mellom dei var tre austevollingar frå Sandtorv: søskenparet Leif og Solveig Forland og Nils J. Sandtorv. Dessutan var det ein med som me vel må rekna som austevolling etterkvart, nemleg 18-åringen Lars Vassenden, son til lensmannen – og seinare vår lensmann. Skipper på turen var Nils Hummelslund, som seinare vart svoger til Vassenden.
Dei kom fram til Sandøy på Orknøyene to dagar seinare etter ein hard overfart med storm.
I alt var dei 24 personar, av dei tre kvinner.

Kjelder:
Ole Friele Backer: Krigsfotografen
Opplysningar gjeve av: Frank Mohn, Lars Vassenden, Harald A. Møgster, Anton Drønen, Ragnar Ulstein og Lars Røstøen.