7. Alt for Noreg – I open båt over Nordsjøen

 

Krigen og Austevoll
Av Finn Dyngvold
Marsteinen 4. oktober 1979

Ein dag utpå vårparten 1942 kom Nils Horgen frå øya Horgo (som den gong var busett) med båten sin til Rostøysundet og stakk oppom kjøpmannen der, Lars Røstøen.
– Du Lars, eg vil dra til England.
– Ja vel, det er greitt, eg skal hjelpa deg, var svaret.
Meir vart det ikkje sagt.

Kort tid etter dette – ein laurdagsettermiddag – kom ein ukjent kar i land frå rutebåten i Rostøysundet. Lars var ekspeditør og merka seg vel desse framandkarane. Men dei snakka korkje til han eller andre, dei gjekk framom landhandelen hans og fortsette innover øya.
Nils Rostøen vart òg var desse karane og tykte dei såg mistenkelege ut. Han gjekk ned til Lars og åtvara han, dei fekk vera på vakt. Tyskarane var på dette tidspunktet klar over at det gjekk føre seg englandsfart frå øyane og Lars hadde vel ikkje heilt reint mjøl i posen overfor okkupasjonsmakta.

Utpå kveldinga kom dei ned att til kaien og bad då Lars om husrom. Lars Røstøen fortel:
– Eg må vel helste sei at eg var heller uvenleg mot dei. Etterkvart hadde ein lært seg å sjå med mistenksame auge på framande. Det kunne vel vere tyske utsendingar. Heller ikkje då dei ba om å få ligge på løa var eg viljug, det var så mykje som kunne hende, eld i høyet og så bortetter. Men dei nøydde og overtalde med slik at eg tilslutt ga etter og dei fekk ligga på løa.
Neste dag kom Nils Horgen attende til Rostøy. Han kunne då fortelja at desse to ukjente karane skulle vera med til England. Ein av dei var òg fetter til Johannes Kalve frå Bakkasund, som òg hadde tenkt seg med.
Då var Lars aldri i tvil eit sekund. Nils sine ord var gode nok…
Dei vart så utrusta med olje, smøreolje og vatn. Olav H. Drønen hjelpte dei å korrigera kompasset og 26. april la dei ut.
Dei var heldige med vêret og to dagar seinare nådde dei Lerwick.
Engelskmennene var heller skeptiske då dei såg den vesle opne båten på om lag 25 fot, som dei gav seg ut for å kryssa Nordsjøen med før vinterstormane var retteleg over. Dei mistenkte dei for kanskje å vera tyske spionar som var sett ut oppunder land. Båten vart mellom anna teken på land på Lerwick og saumfara overalt…,
Men tyske spionar – nei, det skal vera sant og visst at dei ikkje var.
«Sjø» vart seinare nytta i dei allierte si teneste. Båten vart frakta oppunder norskekysten med større fartøy og var spionbåt med tanke på raids og liknande her i landet.

Bt:
Frå venstre: Johannes R. Kalve. Han vart seinare med i Shetlandsgjengen og var med på mykje dramatikk. Reidar Rasmussen. Vart utdanna flygar i Canada. Nils Horgen. Var frå Horgo i Austevoll. Kom inn i marinen og gjorde teneste som dekksmann. I juni 1943 var han og sju andre med på eit spesialoppdrag med ei skøyte utanfor Træna på Helgelandskysten. Oppdraget var utført og dei var på veg attende. Dei vart skotne på av tyske fly. Båten sokk og alle kom vekk.

Bt:
På veg til England i M/B «Sjø». Ein stad i Nordsjøen ein sein aprildag 1942. Nils Horgen, Johannes R. Kalve og Reidar Rasmussen. Fritz Paul Nilsen tok biletet.

Kjelder:
Ragnar Ulstein: Englandsfarten. Bind 2.
Opplysningar gjeve av: Lars Røstøen, Frank Mohn, Sverre Hamre og Harald Møgster.
Bileta er utlånt av Karl Horgen, Torangsvåg.