8. “Sjølyst” dreg for andre gong

 

Krigen og Austevoll
Av Finn Dyngvold
Marsteinen 4. oktober 1979

Etter havariet med «Sjølyst», vart båten – med godtfolks hjelp – sett i stand att og gjort klar for ny reise. Motoren vart isolert for å dempa lyden, det var om å gjera å ikkje laga for mykje bråk i nattestilla. Etter to tre dagars venting ved ein holme utanfor Møkster la dei så i veg att den 30. oktober 1941, og kom til Shetland om kvelden den 31. oktober etter ei svært fin overfart. Desse var med:

Jacob Birkeland – Storebø
Sverre Bjordal – Fana (med på fyrste tur)
Chr. Grung-Olsen – Bergen
Sverre Hamre – Fana (med på fyrste tur)
Karl (Kalle) Kalve – Bakkasund
Bertha Karlsen – Litlakalsøy (no gift Johannessen)
Alf Litlakalsøy – Litlakalsøy (vart seinare i krigen gift med Bertha Karlsen. Kom vekk i 1944 i den engelske kanal.)
Karl N. Litlakalsøy – Litlakalsøy
Hans J. Kjerland – Fana
Axel Madsen – Fana
Eva Mohn – Bergen (med på fyrste tur)
Henrik Pedersen – Bergen
Peder Skjelfjord – Bergen
Henrich Sæterdal – Bergen (maskinist på overfarten)
Odd H. Thomassen – Bergen (skipper på overfarten)
Arne Lund – Fana

Som me ser var det berre tre att frå «Sjølyst» sin fyrste tur (med atterhald om moglege feil avdi me ikkje sikkert kjenner alle namn frå fyrste turen). Men åtte av dei som for med «Sjølivet» tidlegare hadde vore med «Sjølyst» fyrste gongen.
«Sjølyst» sokk nokre månadar seinare på hamna i Lerwick. Dei einaste minna frå denne kuttaren – som det knytte seg slike dramatiske hendingar til – er sekstanten, kompasset og det velbrukte splitflagget. Dei har Frank Mohn på kontoret sitt i Heldalen.

Kjelder:
Ragnar Ulstein: Englandsfarten. Bind 2.
Opplysningar gjeve av: Lars Røstøen, Frank Mohn, Sverre Hamre og Harald Møgster.