9. Englandsfarten tek slutt

 

Krigen og Austevoll
Av Finn Dyngvold
Marsteinen 11. oktober 1979

Våren 1942 var det mykje slutt på den organiserte trafikken med båtar vestover. Men framleis var det nokre som kom seg over Nordsjøen. Desse vart henta av båtar som tidlegare hadde frakta rømlingar over havet og som no kom attende.

Såleis var det ein mørk januarkveld i 1943 at båten «Nordlys» frå Fitjar seig inn Skoltafjorden og oppunder Rosmundholmen ved Litlakalsøy. Denne 50-fots store Brandasundsbåten hadde i september 1941 ført 57 personar over til Skottland. Det var den største gruppa på ein båt under heile krigen. No var båten i marinens teneste og attende til Noreg i samband med planlegginga av raidet på kisgruvene på Stord. Kommandant om bord var Sjur N. Østervold og skipper på turen var Alf Litlakalsøy.
Frå Litlakalsøy vart desse med (av omsyn til dei innfløkte namna på Litlakalsøy har eg teke med slektskapstilhøva):
Johannes Karlsen (eldste son til Nils Karlsen). Kom seinare vekk ved torpedering hausten 1943.
Johannes Litlakalsøy (bror til Alf Litlakalsøy).
Ole Nilsen Litlakalsøy.
Frå Litlakalsøy gjekk «Nordlys» så vidare til Sagvåg der oppdraget vart utført og deretter til Espevær der desse – alle frå Litlakalsøy og på fiske der då – vart med vestover:
Leif Berntsen – segla i handelsflåten seinare.
Mons Karlsen (bror til Nils K.). – segla i handelsflåten seinare.
Harald Skulstad – reparatør i Lerwick.
Johannes Johannessen (bror til Wilhelm J.) – segla i handelsflåten seinare.

Mislukka rømingar
Ikkje alle forsøk på englandsferd vart vellukka. «Sjølyst» sin fyrste tur var eit døme på det og kunne lett ha vorte ein av dei store tragediar på line med «Blias» forlis eit par månadar seinare då 41 personar omkom.

Me veit òg at det vart gjort eit forsøk med ein båt M/S «Slotterøy», som vart kjøpt på Hevrøy våren 1941. Han drog ut frå Møkster den 5. mai med 15-20 personar om bord (truleg ingen frå Austevoll). Den fekk tidleg motorvanskar og båten sprang lekk slik at dei måtte returnera til Møkster att. Mesteparten av rømlingane reiste då vidare på anna vis, men fire av dei vart att. Dei vart halden skjult ute på ein holme kalla Kobben, der det var eit steinbrot og difor eit lite skur. Vilhelm Møgster frakta ut mat og vatn til dei. Dei fekk seinare tak i ein flunkande ny båt M/G «Lur» og kom seg vel over til England.

Så kjenner me òg til at det drog ut ein båt frå Hauglandsvågen, men denne vart tvinga inn att av skodde. Her er både båtnamn og personar ukjende.

Ei av dei mislukka rømingane fortener eigen omtale. Han fann stad relativt tidleg, omtrent på den tida då «Kolbjørn» som den fyrste rømingsbåt kom seg vellukka over til England.
Om lag den 20. august 1941 ved midnattstider la fire mann ut frå Haukanes i ein 22 fots open båt (spisstevning) med ein 5hk. Sabb motor. Båten tilhøyrde Lars Kalvenes.
Dei gjekk sør om Huftarøy, men då dei såg ein vaktbåt i Selbjørnsfjorden, gjekk dei nord i Bekkjarviksundet og ut Møksterøyane. Dei gjekk så rett vest heilt til klokka fire neste ettermiddag. Då fekk dei motorstopp, truleg på grunn av vatn i olja. Dei hadde store problem med å fa maskinen i gong att (alt var gjennombløytt, også fyrstikkene) og dei dreiv til slutt i land på Hiskjo i Bømlo. Derfrå kom dei seg heim att via Brandasund.
Desse var med: Harald Haukanes, Mons Haukanes (bror hans), Gerhard Haukanes, Magnus Kalvenes.
Sistnemnde er truleg ein av dei yngste som aktivt prøvde å at seg over Nordsjøen under krigen – og heldt fram med det etter at han kom heim att.

Seinare i krigen fann desse rømingane stad:
Røminga med «Njål» 4. juni 1944.

Fiskebåten «Havøy» drog frå Stolmen 7. mars 1945* og kom til Lerwick to dagar seinare.
Sju personar var med:
Skipper: Edvard Stangeland – Stolmen
Maskininst: Mons Waage – Stolmen
Harald Aarland – Stolmen
Anders O. Våge – Stolmen
Dessutan veit me at det var to austlendingar med. Den eine av desse heitte Tormod Førland. Mor hans var frå Steinevik og han hadde slekt der.

Båten «Heimly» drog frå Bakkasund 11. april 1945 og kom til Lerwick på Shetland 13. april.
Skipper på overfarten var John Kleppe og med seg hadde han seks bergensarar som var ettersøkt. Desse var:
Julius Meyer
Olaf Knutsen
Oskar Pedersen
Bernt Njåstad
Dessutan ein ved namn Henriksen. Den siste kjenner me ikkje namnet på.
( I Ulsteins bok står det at det var fire med og at dei kom til Kirkwall. Dette er ikkje rett.)

Opplysningar gjeve av:
Lars Kalvenes, Lars P. Karlsen, Sjur N. Østervold, Harald Møgster, Gudrun Hevrøy, Nils A. Aarland, John Kleppe, og Nils Johan Stangeland.

* Jamfør Fiskerimagasin 2008-2010, artikkel om Nils Våge: «Havøy1» var ein Stolmabåt, men gjekk i dette høvet frå Haugesund.