Austevollbunaden

 

Fotomontasje. Fotograf: Eric Clement.

Om bunaden

Rundt 1970 starta arbeidet med å rekonstruera Austevollbunaden. Primus motor var handarbeidslærar Eli Drønen. Ei nemnd på sju personar var sett ned. Desse reiste rundt i bygdene der dei mellom anna tok bilete av og registrerte det folk hadde liggande av folkedrakter. På bakgrunn av desse funna vart Austevollbunaden sett saman slik den ser ut i dag.

Slik er Austevollbunaden:

Damebunad
Liv i grøn silkefløyel for koner og raudt klede for jenter. Skjorte i bomullslerret brodert i uttrekkssaum og tettsaum i bringe og på linningane. Det kan òg vera utskrudsaum i bringa. Stakk i mørkeblå vadmål kanta med roseband øvst og skoduk og kostaband nedst. Understakk i heimevevd verkenstoff som finst i ulike mønstervariantar. Forkle i svart silke med vevde grøne bordar, eller i svart ull med broderte blomar i fiolett og grøn silketråd. Bringeduk og belte kan ha ullgarnbroderi med eller utan innslag av perler, eller i perlenett. Hovudplagg. Jakke i mørkeblå vadmål, eller trøye tova i raudt ullgarn. Aksladuk i kvitt bomullslerret bretta til trekant. Halsklut i silke. Pulsvantar og kyrkjevottar. Konestrømper strikka i svart ull, jentestrømper i raud ull. Strømpeband. Bunadsko.

Sølv: Halsknapp, sølje, sølvsnor tredd i sølvmaljer, beltespenne.

Mannsbunad
Vest i grøn vadmål med rygg i årelin, har to radar med sølvknappar. Trøye i mørkeblå eller svart vadmål med to knapperadar. Bukse i same farge vadmål som trøya, med sølvknappar ved knea og klaffa. Skjorte i kvit bomullslerret med kvitsaumsbroderi på hals og ermelinningar. Det finst òg ei skjorte utan prydsaum. Belte og bukseselar broderte med ullgarn og perler eller berre ull. Strømper i ull. Sokkeband. Raud strikkelue med grøn flosskant eller tova hatt. Pulsvantar.

Sølv: Halsknapp, bringenål, sølvknappar, beltespenne, mansjettknappar.

Nyttige tips og råd

  • Bunaden skal luftast godt kvar gong han har vore i bruk. Unngå sol, då det bleikar stoffet. Har det vore regnvêr, pass på at bunaden er skikkeleg tørr for han blir hengt vekk.
  • Børst vekk støv og skit, ikkje gnikk. Is- og matflekkar kan fjernast ved å strø potetmjøl på, som kan støvsugast vekk etterpå.
  • Heng vekk i stoffpose eller utvaska dynetrekk. Legg møllkuler eller anna møllmiddel i lommene.
  • Prøv om bunaden passar i god tid før bruk i høve han treng å justerast på.
  • Vask skjorta rett etter bruk for å unngå missfarging. Både lin- og bomullsskjorter tålar opptil 60 gradar, men handvask vert tilråda. Bruk vaskemiddel for kulørt vask. Område med kaffi- og sminkeflekkar bør vaskast separat. Ved sminke kan fjernast med SunLight.
  • For at skjorta skal helda seg skrukkefri lenger etter stryking, ha i ei stroken spiseskei koksalt per ti liter vatn i det siste skyllevatnet, som skal ha same temperatur som vaskevatnet, når du vaskar for hand. Ikkje vir for mykje i skjorta, berre knepp og klem vatnet utav ho.
  • Bunadskjorter skal ikkje lagrast i plast. Skal oppbevarast ustrokne gjerne innrulla i eit handkle. Stryk på vranga.
  • Reingjering av det forgylte bunadsølvet: Ha ei halv teskei salmiakk eller Zalo i ein halv liter godt varmt vatn. Ikkje bruk sølvpuss! Bunadsølvet kan godt liggja i såpevatnet ei stund. Trengst det å pussast, bruk ein mjuk barnetannbørste. Skyll godt med vatn og legg til tørk. Ikkje gnikk for mykje, då kan gullet detta av.
  • Bunadsølvet skal vera heilt tørt for det blir lagt vekk i plast eller oksiderande posar. Bruk gjerne hårfønar.
  • Tørk bundaskoa for støv og skit. Spray over med flytande skokrem.

Døme på tilbehør til austevollbunaden finn du i fotogalleriet under.

[Gallery not found]