10. Arrestasjonane – Møkster og Litlakalsøy i søkjeljoset

 

Krigen og Austevoll
Av Finn Dyngvold
Marsteinen 25. oktober 1979

Sundag den 26. april 1942 – same dag som Nils Horgen og Johannes Kalve stemna vestover, fann det stad ei hending i Tælavåg som skulle få svære konsekvensar. Dette fiskeværet sørvest i Sund hadde lange vore eit senter for englandsfart og no var tyskarane etter tips budde på aksjon. Dei slo til på denne fredelege sundagsettermiddagen og under rassiaen vart to Gestapo-menn skotne. Fire dagar seinare tok tyskarane ein grufull hemn. Heile Tælavåg vart jamna med jorda – bustadhus, uthus, naust, alt. Alle menn mellom 16 og 65 år, i alt 71 vart sende til Tyskland, og av desse kom berre 40 attende. Kvinnene, borna og dei gamle vart førte til Norheimsund i Hardanger, der dei vart internerte til mai 1944.
I vekene etter dette brotsverket i nabokommunen var det mange i Austevoll som ottast at noko liknande kunne hende her sør. Særleg Møkster og Litlakalsøy var i søkjeljoset.

Den 26. juni slo tyskarane til. Dagen i førevegen hadde gestapistane vore på Bremnes og det som no hende var lekk i ein stor aksjon for å rå bot med den store allierte aktiviteten langs kysten her i Hordaland. Tyskarane hadde lege i Engesund om natta og tidleg på føremiddagen denne vakre sommardagen, seig gestaposkøyta inn vågen på Møkster. Det var Abelone, bror hennar Vilhelm og nevøen Lars Olai A. Møgster dei var ute etter. Dei vart skulda for å ha hjelpt til med røming og for å ha både radio og våpen. Etter harde forhøyr i båten som låg ved kaien, vart dei førde med.
Frå Møkster gjekk så skøyta vidare til Dalheim på Selbjørn, der dei skulle arrestera Alf Martens Meyer, bergensar, og då lærar på Rabben i høve til kurs for styrmenn. Meyer hadde vorte tipsa av bror sin over telefon like i førevegen at han var ettersøkt og rømde over hals og hovud nord til Austevollshella. Heilt frå han var gutunge hadde han feriert kvar sommar hjå Samuel og Thea Østervold, og gamalt venskap kom no godt med. Samuel gav han færingen sin og med den segla han så heilt til Osa i Hardanger og kom seg derfrå over land til Sverige.
Åtte dagar seinare kom færingen attende til Austevollshella – uskadd og like heil!
Etter denne mislukka ferda heldt så gestaposkøyta fram til Klokkarvik der lensmannen, Lars Vassenden, vart arrestert. Heilt frå krigens fyrste dagar hadde han drive eit dobbeltspel. Me har alle høyrt at Bremnes var eit senter for englandsferden og det er rett nok. Men me skal samstundes ikkje gløyma at medan det frå Bømlo drog ut 25 båtar fram til sommaren 1942, var det ikkje mindre enn 18 båtar som drog ut frå Sund og Austevoll (som den gong var eitt lensmannsdistrikt). Dette hadde ganske enkelt ikkje vore mogleg utan Vassenden si hjelp. Han huste rømingar, delte ut oljemerke til dei som skulle vestover, heldt attende for tyskarane opplysningar om stolne båtar og gav tips til dei som var i søkjeljoset om at dei måtte koma seg vekk.

Attåt dette rømde så son hans til England – og så kom Tælavåg. For dette måtte han då også bøta med tre år på Grini. Og sjølv trudde både han og andre at det skulle verta dødsdom også på han då Lars Elias Telle (frå Tælavåg) vart avretta den 19. oktober 1943. Men Vassenden vart ståande attende på rommet då sambygdingen vart ført til Trandum og skoten.
Frank Mohn har gjeve Vassenden den beste attest nokon den gong kunne få:
– Han var eit hundre prosent nordmann.
Så gjekk sommaren…

Den 8. september kom gestaposkøyta attende – denne gong til Litlakalsøy. Lars P. Karlsen var nett den dagen ute og drog teiner og var på veg heim i robåten då han fekk auge på denne velkjende og frykta båten. Han skjøna nok både kva dei ville og kven dei var ute etter, men å røma var nyttelaust. Det ville berre gå ut over kone og born. Skuldingane var dei same: Hjelp til røming og kontakt med engelske og norske båtar.
Vilhelm Johansen og brørne Nils og Lars P. Karlsen vart arresterte, forhøyrte og torturerte om bord i båten og deretter sende via Ulven og Grini til fangelæger i Tyskland.
Heime på Litlakalsøy sat dei næraste. Nils vart enkemann i 1940 og sat att med elleve born, eldstemann Johannes var 22 medan vesle Alf Henning Henken berre var tre år. Kona til Lars, Alfhild, sat att med tre små born. Som om ikkje dette var gale nok, vart også rasjoneringsmerka til heile familiane inndregne – ikkje berre merka til dei arresterte – noko som var vanleg. For dette samfunnet ute i havgapet var dette nærpå katastrofe. Lars Hansen, som var morbror til alle desse foreldrelause borna, sytte då for at saka vart teken opp i kommunestyret og borna fekk tilbake merka.
Men dette var ikkje nok. Alle desse mor- og farlause borna måtte ha ikkje berre mat, men klede, husly og varme. Og som det så ofte viser seg: Blod er tjukkare enn vatn. Dei minste vart tekne hand om av slekt på Møkster og Litlakalsøy og borna kom seg gjennom desse vanskelege åra.

Om fangetida fortel Lars P. Karlsen:
– Etter ei tid på Grini vart eg sendt til Tyskland og sat i ein leir utanfor Berlin kalla Staken. Der arbeidde eg som snikkar på ei verksemd som laga fly (truleg Heinkel-fly). Kameratane mine sat i Sachenhausen.
Særleg den fyrste tida var eit helvete. Kulda var verst. Me fraus støtt og mange døydde av lungebetennelse. Mat var det òg skort på og me svalt. Vaktene var brutale SS-folk. Dei var dei reine sadistane og opplært til å sjå med forakt på alle teikn til veikskap. Mot slutten av krigen vart det på eit vis betre. Då vart desse vaktene bytta ut med eldre menn (grunna den militære stoda) og desse hadde ei meir human innstilling.
Nazistane tok tre av mine beste år (32-35 år). Då eg kom heim vog eg 38 kg. Me var 240 nordmenn i Staken, av desse kom 40 heim til Noreg og eg var ein av dei.

Men nokre vart att. Lars Olai Møgster døydde 22. mars 1943 i Sachenhausen.

Kjelder:
Lars P. Karlsen
Alfhild Karlsen
Thea Østervold
Salamon Fagerbakke
Frank Mohn