11. “Nyvon” – fortald av Arne Haugland

 

Krigen og Austevoll
Av Finn Dyngvold
Marsteinen 25. oktober 1979

«Nyvon» var ein 46-fots kutter som far min Engel Haugland åtte. Båten var utrusta med ein 20 hk. Rubb og me dreiv kombinert fiske og fraktfart. I byrjinga av august 1941 var me ein del som ottast innkalling til tysk krigsteneste og var difor budde på å fara vestover. Eg gjekk til far som sa:
– Ta de båten karar, og dra til England. Me gamle får vel klara oss på anna vis.
Me drog frå Storebø ein måndag i 17-tida, fekk drivstoff frå Rasmus Birkeland sin båt «Sjolden» og hos Vilhelm Notnes, der me òg fekk proviant. Me var så oppom Stolmavågen og henta to karar der før me i 22-tida sette kursen vest. Det vart eit forunderleg vêr med tåke dag etter dag og me var uviss kor me var. Truleg var det ikkje så langt frå Shetland. Det vart halde skipsråd og me snudde heim att. Me nådde norskekysten like sør for Obrestad på Jæren, der me vart anropa av ein tysk vaktbåt, men me svara at me var fiskarar på veg inn til Haugesund og vart vinka vidare.

Laurdag morgon var me attende på Storebø. Desse var med:
Ivar Aase – Stolmen (skipper)
Anfinn Aase (bror til Ivar) – Stolmen
Peder Ringdal – Storebø (var seinare med «Kolbjørn»)
Olaf Birkeland – Storebø
Arne R. Storebø – (var seinare med «Sjølyst» sin fyrste tur og kom til slutt velberga over tredje gongen med «Sjølivet»)
Egil Storebø – Storebø (seinare med «Kolbjørn»)
Arne Haugland – Storebø (maskinist)
Øyvind Skåtun – Storebø