12. Bergitta og Lars Røstøen – Om motstandsrørsla som kjempa utan våpen

 

Krigen og Austevoll
Av Finn Dyngvold
Marsteinen 1. november 1979

De får beskjed om å ta rutebåten ut til Røstesundet, snakke pent med landhandleren der og hilse fra meg. Så fikk de nok bo der på en liten ferie. Dette står å lesa på side 16 i Ole Friele Backers bok Krigsfotografen og rømer i eit nøtteskal den verksemd kjøpmannsfolket i Rostøysundet dreiv heile fyrste del av krigen.

Men det var ikkje berre Backer og venene hans Claus og Severin som kjende til denne fristaden i Austevoll. Då Torkjell Heimark kom over til England seinsommaren 1941 var han i forhøyr der han vart vist kart og fotografi frå Rostøysundet og måtte gjera greie for kva som gjekk føre seg der.
Kven var dei så dette folket som ikkje berre var kjent for bergensarar i naud, men også som våre allierte på hi sida av Nordsjøen visste om.
Lars Røstøen vart født i 1902 og dreiv ved krigsutbrotet ein landhandel i Rostøysundet. Han var gift med den sju år eldre Bergitta, bergensdame, men med ei viss tilknyting til Austevoll i det far hennar i si tid åtte Storholmen. Barna var Berit 16 år, Inga 13 år, Anne Marie ti år og vesleguten Anders var nett fylt fire år. I heimen budde òg 81 år gamle Brita – farmor. Ein heilt vanleg familie i Austevoll i dei dagar med tre generasjonar under eitt tak.
9. april 1940 vart eit vendepunkt i liva deira. Her er Lars sine eigne ord.
– 9. april var eg med eit tilfelle i Bergen på handletur. Då eg såg tyske soldatar ved Strømme bru, bak maskingeværa og med handgranatar i støvlane, kulsa eg av redsle, men det stod klårt for meg at her var det berre ein veg å gå.
Den vegen skulle bli lang og vond både for han, kona og familien.
Det byrja med englandsfarten, og fall seg heilt naturleg. Lars var ekspeditør, landhandlar, hadde telefonsentral og ikkje minst var han til å lita på, det visste alle.
Han kom såleis bort i dei fleste rømingar som fann stad sommaren 1941 til våren/sommaren 1942. Mang ein bergensar var det som fekk hjelp der ute. Dei kom med rutebåten og på anna vis, spurde etter mat og husly og fekk berre delar. Då «Sjølyst» skulle gå for andre gong hadde dei ikkje mindre enn tolv mann liggjande i dekning.
Det var ei kjempeoppgåve der ikkje minst Bergitta er å takka at alt gjekk så godt som det gjorde. Til dømes det at alt måtte skje i løynd for ikkje å vekka oppsikt, var ei stor nervepåkjenning når så mange menneske skulle samlast på ein gong. Når så tida kom for reis vart dei utrusta med olje, vatn og proviant. Dessutan hjelpte Lars til når båtar måtte vølast, til dømes då «Sjølyst» havarerte fyrste gongen.
Då den organiserte englandsfarten tok slutt våren 1942, vart Lars kontakta av ein lærar Tidemann om han ville driva etterretning. Han skulle få tak i opplysningar om festningsverka på Flygansvær og Svarvehella, kor mange kanonar, kor stor diameter på desse, bemanning og så bortetter. Lars reiste då rundt, vitja desse stadane under påskot av lovlege ærend, fekk ein heil del materiale som vart ført vidare til ein ing. Magnus i Bergen. Han fotokopierte teikningane av festningsverka, og desse vart minska ned til ein storleik såleis at dei kunne førast inn i ein hol fyllepenn. Denne var slik laga at den òg inneheldt ei syre som ved å trykka øvst på pennen kunne løysast ut og øydeleggja papira dersom bodberaren kom i vanskar. Teikningane vart så sendt til Sverige med kurer. Dette arbeidet heldt så Lars Røstøen på med heilt til seinhaustes 1943. Den 28. oktober var det slutt.
Lars var nede i butikken då han fekk auge på gestapofartøyet som seig for sakte fart inn til kaien. Nett den dagen hadde dei ei kvinne – Edith Høydal – liggjande i dekning. Han rakk i ringja heim slik at ho kom seg unna før gestapistane steig i land. Dei var der alle saman. Holscheider i SS-uniform, Köhler – torturisten som elska å bruka knyttnevane, Bödke med maskinpistol – og ikkje minst Willi Kesting – blodhunden framfor alle dei andre, som etter krigen måtte bøta med livet for ugjerningane sine. Sistnemnde var kort og klar:
– Kommen Sie hier.
Bergitta fekk høve til å finna nokre klede, litt mat og nytestamente. Så bar det om bord i skøyta.
Utgangspunktet var det verst tenkelege: englandsfart, etterretningsverksemd, ulovleg radio.
– Kesting såg forakteleg på meg i det han sa hånleg Jude. Noko verre skjellsord fanst ikkje på tysk den gong.
Det vart ei fæl tid. Ved to høve var Lars like ved å gjera det slutt for eiga hand, men hans sterke religiøse overtyding og trua på den gode sak heldt han oppe. Når pinslene var som verst prøvde han å tenka på martyrane og kva dei heldt ut for noko dei trudde på. Det gav han styrke til å stå imot.
Det var heller ikkje ei lett tid for dei som sat att. Gestapo var støtt på vitjing og ransaking i heimen. Dei hadde uvissa om faren levde. Ei hending frå før jul 1943 illustrerer dette. Eldstedottera Berit var trulova med Oliver Drønen frå naboøya. Han fann då ut at dei skulle gifta seg og sidan ho var så ung ville ho reisa inn til Bergen for der å få underskrifta til far sin. Ho trudde på det viset at ho skulle treffa han. Berit reiste sjølv inn til kretsfengselet der Lars sat, fekk underskrifta, men såg ikkje faren.
15. desember vart det halde bryllaup heime hjå Ole Endresen og Margrethe i vissa om at Lars levde. Underskrifta var ekte nok.
Ei anna hending frå desse dagar:
Oliver Drønen var maskinist på fiskebåten «Liafjell» der Edvard Elholm var skipper. Utpå vinteren telegraferte Edvard frå Stavanger heim til Oliver fylgjande: Vær klar til å reise i natt. Ta solene med. (solene = lysa dei nytta på fiske.) Tyskarane fekk tak i dette og la to og to saman. Her måtte det vera røming det gjaldt. Dei kom heim til Rostøy att og bryske på Berit og Bergitta. Men dei fekk den beskjeden at dersom Oliver ville ha rømt hadde han gjort det for lenge sidan. Dei gav seg med det.
Bergitta fekk i desse dagar då ho var åleine med barna visa styrken sin. Inga Noven fortel:
– Mor var ei sterk kvinne. Ho kunne nok vera redd, men viste det aldri for oss borna. Eg hugsar godt ein gong det kom ein mann i forretningen og sa at no held tyske soldatar å trilae om bord oljefat i skøyta. Mor gjekk då ut og sa kort og greitt og med sint røyst at dette fekk dei vere så god å slutta med. Tyskarane ga seg å med det, men som hemn skaut dei med maskingevær over taket heime før dei la frå og fòr vidare. Dette var berre eit av mange døme på situasjonar der mor viste seg kald og roleg.
Etter tre månadar i Bergen Kretsfengsel og to månadar på Grini vart Lars ført til Tyskland og sat i Sachsenhausen fram til freden. I Neuengamme vart han henta av Raudkrossen sine bussar og via Sverige kom han til Noreg. Som alle tyskladsfangar leid han vondt på alle vis og var sterkt nedkjørt då han kom heim.
Krigsåra var slutt, men for Lars, Bergitta og borna var det heile på eit vis ikkje over. Den vegen som Lars den 9. april så klårt såg for seg, skulle merka dei for livet. Ikkje minst dei vaksne, men også barna som i grunnleggjande barne- og ungdomsår måtte leva dagstøtt i fleire år med spaning, angst og frykt.

Me som har stått utanfor dette har vel ikkje skjøna til fulle kva folket i Rostøysundet var for motstandsrørsla. Kampen mot okkupasjonsmakta var som eit digert tannhjul der alle ledd var like viktige for at det heile skulle fungera. Me hadde dei væpna styrkane, men bakom dei arbeidde eit sivilt nett der den innsats familien Lars Røstøen gjorde var heilt vital.
Bergitta og Lars Røstøen høyrer til dei smålåtne, dei tause og anonyme som ikkje har stått i fyrste rekkje når heidersteikna vart delte ut.

Opplysningar gjevne av:
Lars Røstøen
Bergitta Røstøen
Berit Drønen
Inga Noven
Torkjell Heimark
Edvard Elholm