Fyrst veg og ferje – så bru

 

Opning av ferjesambandet til fastlandet i 1966. Og jammen er det ikkje eitt og anna kjent ansikt på biletet. Faksimilie frå Dagen.

Det er meir enn 50 år sidan visjonane om eit nettverk av vegar og bruer vart lansert. Fyrst ute var Selbjørn bru, men snart vart det fleire om beinet.

Austevoll kom nokså seint i gang med vegbygging. I fylje dokument ført i pennen av tidlegare ordførar Richard Storebø, kom den fyrste verkelege vegbygginga i kommunen i gang så seint som i 1905. Det var då veg mellom Salthella og Drivenes som då vart ført inn i fylket sine vegbyggingsplanar. Nokre år seinare vart vegen forlengd til Gauksheim. I 1927 vart det skipa til eit vegfond, og bygginga av ferdaårer på land skaut alvorleg fart. Før krigen hadde mange av dei større bygdene vegar å kjøra på, sjølv om det knapt var andre kjøretøy enn hest og kjerre å få auge på.

Startsrådbesøk
I skriv til statsråd Kollbjørn Varmann vart det i august 1957 mellom anna peika på at Huftarøy og Hundvåkøy var vegfattig, medan det på dei andre større øyane, som Stolmen og Selbjørn, allereie var eit godt utbygd vegnett. «Dei slette kommunikasjonstilhøva er også til meins for alt arbeidsliv innad i heradet», heiter det vidare i skrivet, etter at politikarane hadde peika på at det hadde vore vanskeleg å får ordna nokon sentraladministrasjon i kommunen. I den same memoen vert det krevt meir satsing på veg dersom Austevoll skal slåast saman med nordre delen av Fitjar, og idéen om bru over Bekkjarviksundet vert lansert. Brua var det viktigaste prosjektet i kommunen, nest etter å få orden på vegane på sjølve Huftarøya. Salomon V. Kalvenes, som var ordførar i 13 år etter krigen, vert av dei fleste trekt fram som visjonæren bak bru over den tronge farleia mellom Huftarøy og Selbjørn.
Det vart òg diskutert fastlandssamband med ferje. Her såg heradsstyret for seg ei rute til Rishamna ved Korsneset, eller Forstrønesundet i Os. Meir oppsiktsvekkjande er det at lokalpolitikarane meinte at ferje skulle gå via Storekalsøy, Møkster og Litlakalsøy i tillegg til Hundvåkøy og nordenden av Huftarøy.

Sysselsettingstiltak
Då sildefisket slo feil i 1958, kom heile øysamfunnet ut or likevekt, og mesteparten av vegbygginga vart utført med sysselsetjingsmidlar. Aftenposten sin utsende medarbeidear Kjell Aaserund fortalde i november same år om familiar som fekk hjelp av sysselsettingsmidlar – 120 000 kroner – der far gjerne var på vegarbeid. 100 austevollingar, der dei fleste normalt ville reist på fisket, vart peika ut til å byggja vegar. I ein tidlegare reportasje fortalde utsendingen frå Tanta i Akersgata om at det berre var tre bilar og ein moped på Huftarøy for 49 år sidan. Rikard Storebø fortalde at fiskarane såg svart på utsiktene til å få fylt nøtene med storsild. Den dåverande likningssjefen og seinare ordføraren beklaga seg vidare om skattesvikt på formidable 50 prosent. I den siste saka Aaserud hadde på trykk frå øygruppa vår, hadde han nok ein gang herr Storebø i tale. Her understreka han kor viktig betre vegar og eksternt ferjesamband vil vera for øyane.
Seks år seinare stod det å lesa i Bergens Tidende at bru og vegar var eit vilkår for at ein skulle kunna innføra niårig skulegang i Austevoll. Skuledirektør Nils Hodnedal sa til den ærverdige bergensavisa at bru over Bekkjarviksundet er ein slags føresetnad for ungdomsskulen. Alternativet var internat på Storebø.

Hufthamar – Krokeide
Blar ein i gamle aviser kjem ein til at ferjeleiet på Hufthamar heller ikkje kom på plass utan sverdslag. I desember 1965 hadde samferdsledepartementet sletta ei løyving på 700 000 til anlegget. Fylkespolitikarane var lite nøgde i fylgje BT, ettersom dette ferjeleiet kunne redusera reisetida til fastlandet med ein time og 35 minutt. Same månad melde BT at Austevollshella skulle verta mellombels ferjestad for Hundvåkøy i ei rute mellom Rubbestadneset, Austevoll og Hjellestad. 1. juni 1966 kom ferja «Halsnøy» som gjekk innom både Bekkjarvik, Storebø og Austevollshella på vegen til byen. Og som BT skreiv: » I går måtte en opp allerede kl. 3.00 for å rekke båten. I dag kunne en ligge og dra seg til kl. 6.00, og likevel rekke første båt». For øvrig hadde ferja ein kapasitet på sju-åtte bilar. Ikkje ille når det totalt var kring 50 bilar i heradet. Dagen etter feira BT saman med austevollingane at øyane hadde teke steget ut or isolasjonen. Eldsjela og dåverande ordførar Rikard Storebø, far til seinare ordførar Inge Bjarne, og bestefar til noverande kommunestyremedlem Morten Storebø, sa på banketten at det førre storhendet i Austevoll var i 1872. Då kommunen offisielt vart dampskibsstopp – ein gang i veka. Prologen var skriven av Hallvard Bertin Birkeland, og lesen av Jørgen Solbakken, sidan forfattaren var på fiskeri.
Tre år seinare var ferjekaien på Hufthamar endeleg på plass, og det vart samstundes arbeidd med å realisera Selbjørnsbrua. I 1971 var planen å byggja hengebru over det tronge sundet, medan ein nokre år seinare fann ut at ny teknologi og fritt-fram-bru kunne vera svaret. Austevoll bruselskap vart stifta i 1975, og det vart inngått avtale med samferdsledepartementet om innkrevjing av bompengar. Også for dei andre prosjekta, spesielt sambandet mellom Hundvåkøy og Huftarøy har det vore mange ulike planar. Undersjøisk tunnel vart utreia, og like eins var det lenge tankar om at Storholmbrua skulle vera hengjebru. At ho til slutt enda opp som fritt-fram-bygg sparte mange pengar, og bidrog til å gjera prosjektet økonomisk mogleg.

Lokalpolitisk front
Peder Kalve, staut statslos, lokalpolitikar og ordførar frå 1970 til ’76 fortalde til Marsteinen i 2003 at eigeninnsatsen er eit av kjenneteikna til austevollingane. Sjølv dreiv han nesten skytteltrafikk til hovudstaden for å målbæra trongen for bruer, vegar og betre samferdsle. Og møta med byråkratane var ofte frustrerande for den gamle bruforkjemparen. Avsluttingsvis i intervjuet konkluderte han med at det har vore ei rivande utvikling sidan han sat i heradsstyresalen på Bakholmen for 50 år sidan.
Då Hallvard Møgster kom inn i kommunepolitikken på 80-tallet etter mange år i utlendigheit og nokre år med adresse Bergen, var noko av det fyrste han sette fokus på å få bruprosjekta Stolmen og Bakkasund inn i fylkesvegplanane. Ein samla politisk leir i kommunen sette òg press på fykespolitikarane om å prioritera Stolmen-prosjektet før Jondalstunnelen. Samstundes var det viktig å få Austevollbrua nemnd i nasjonal transportplan, som eit framtidig riksvegssamband. Knut K. Kalvenes delar synet på at det var essensielt at Stolmabrua tok over fyrsteprioriteten frå prosjektet i Jondal. Kalvenes fortel om brua over Selbjørnfjorden at det var heilt avgjerande for kostnadane at dei fekk godkjent ei seglingshøgde på 27 meter, fem meter lågare enn det styresmaktene i utgangspunktet ville gå med på.
I heftet som vart gitt ut i samband med opninga av den fyrste store brua i Austevoll, la ein allereie ut visjonen om vidare framdrift: Siste lekk i prosjektet vert fullført 17. november 2007. Då kan ein kjøra frå Våge eller Kvalvåg og heilt ut til Kalve i den andre enden av kommunen.