14. Tommiane er i fjorden- Sagvågraidet del 1

 

Krigen og Austevoll
Av Finn Dyngvold
Marsteinen 15. november 1979

Laurdag den 23. januar 1943 var ein uvanleg vakker vinterdag. Sjøen låg blank som ein spegel og lufta var klår som ho berre kan vera det midtvinters.
Om kvelden i seks-sju tida var fiskebåten «Snurperen» på veg heim frå fiske i Fensfjorden. Mannskapet som for det meste var frå Selbjørn, Stolmen og Vinnesvåg, var i godlag. Det var laurdag og dei skulle heim for helga. Til familie og vener.
Det var stupande mørkt, fullmånen var enno ikkje komen opp, og dei gjekk med tente landterner.
På brua stod Karsten Østervold frå Bekkjarvik og Anders Våge frå Stolmen.
Om lag ved Vatlestraumen er det at mannskapet skjøner at noko er i ferd med å henda. Ein tysk såkalla E-båt (snøggåande marinebåt) kjem opp på sida av dei, ganske nær og med stor fart, heilt mørklagd. I nærleiken av Lerøyosen fell dei fyrste skota.
– Dei skyt, seier Anders.
Men Karsten slår det heile bort. No var det heller ikkje lett å høyra noko der «Snurperen» seig sørover med sin 120 HK tosylindra unionmotor. Eit par enkle skot kunne saktas drukna i motorlarmen.
Men så brakar det laus for alvor. Kulene kvin over dekket og Anders kastar seg flat i styrhuset i det han ropar.
– Høyre du no at dei skyte, Karsten?
Henrik Drivenes (Støle-Henrik) var heller ikkje i tvil. Han stod framme på baugen då då salva kom, og heiv seg ned på dekket og rekna vel med at vonene om å sjå Drivenes att var heller små.
For det skal vera sant og visst at dei skaut.
Anders Børnes på føringsbåten «Nils» av Klokkarvik hadde vorte ordra inn til kai på Lerøy like i førevegen, og han vart augevitne til korleis maskingeværstillinga på kaien sende av stad ein børste av automateld mot «Snurperen». Og sidan kvart femte skot hadde sporlys, kunne Børnes sjå korleis kulene faktisk for inn mellom masta og styrehuset.
Tommiene er i fjorden var beskjeden tyskarane gav (Tommiar = tysk sjargong under krigen for engelskmennene) og dei fekk aller nådigast gå inn i Klokkarvik, men ikkje vidare over Krossfjorden.

Haldor Haldorsen frå Bekkjarvik var også ute denne laurdagskvelden. Ute på Rabben vart han ståande å lya i kveldsstilla etter ein underleg uvan dur. Haldoren som også den gong skjøna seg på motorar, var viss på at dette ikkje var tyske båtar og det var då også heilt rett (dei engelske MTB-ane hadde bensinmotorar medan dei tyske var dieseldrevne). Då han kom heim til Drivenes noko seinare gjekk han opp på høgaste haugen, og der såg han det eventyrlege fine måneskinet, MTB-ane liggjande i ro like utanfor Bekkjarviksundet.
Det var ingen tvil: Tommiane var i fjorden…..

Men det var ikkje berre engelskmenn på desse sju snøggåande motortorpedobåtane som no var oppunder norskekysten. I ein av dei var Anders Merkesdal frå Kolbeinsvik, rømling med «Blia», no med Shetlandsgjengen. I ein annan var Torkjell Rostøen, rømlingen frå «Kolbjørn».
Borte i Skottland fekk Rostøen befalsutdanning og kom med i 5. kompani av 10. interallierte Commandoes. Det var stor søknad til denne avdelinga som utover i krigen skulle visa seg og verta ein elitestyrke.
Den engelske krigshistorikaren Saunders har gjeve nordmennene denne attesten: I rekken av enkleltprestasjoner ver de norske og belgiske tropper knyttet til brigaden fra 10. interallierte Commandoes fremragende (Prominent).

Frå hausten 1942 var Torkjell stasjonert i Baltasund på Shetland og før Sagvåg-raidet hadde han vore i alt fem turar til Noreg, mellom anna på Bømlo for å snakka med kjentfolk før denne aksjonen. Ein annan gong hadde han vore heilt inne i Busepollen medan den tyske vaktbåten var like utanfor i Møksterfjorden.
Ved juletider 1942 vart han og nokre andre karar rett og slett kidnappa. Dei vart sendt til London på eit ti dagars sprengingskurs som var topphemmeleg. Etter kurset vart dei til og med skugga for å sjå om dei heldt tett.
Så bar det attende til Shetland for hardtrening. Det var kisgruvene på Litlabø, Stord, som skulle øydeleggjast. Frå denne gruva vart krigsviktig malm skipa til Tyskland. Målet låg tre kilometer ovanfor Sagvåg og no var det trening i heilt identisk terreng. Same stigning, same lengde, same opptakning og så bortetter. Gong etter gong gjekk dei ruta. Tre timar ville dei ha til rådvelde. Var dei ikkje komen attende til kiskaien til då, ville MTB-ane bakka ut og dei fekk klara seg som best dei kunne.
Commando-styrken var på 35 mann samansett av britar og nordmenn. Klokka åtte den 23. januar stakk dei ut frå Lerwick – sju MTB-ar i alt. Ved seks-sjutida om kvelden var dei under land, men hadde feilrekna litt idet dei kom for nær Marstein der det var tysk vaktpost. Dei kunne høyra sirenene ula på land. (ikkje lenge etter var det at det small i Lerøyosen!)

Lyddemparane vart teken av og for brølande motorar stakk dei rett til havs att for å villreia tyskarane. Ein time seinare vart lyddemparane teken på att og ved nitida såg dei land.

Kjelder:
Arnfinn Haga Arqebus kaller London.
Opplysningar gjevne av:
Torkjell Rostøen, Anders Merkesdal, Jakob Drønen og Haldor Haldorsen.