15. Commandosoldaten- Sagvågraidet 2

 

Krigen og Austevoll
Av Finn Dyngvold
22. november 1979

Commandostyrken var ved ni-ti tida om kvelden under land att og no vart alt førebudd for aksjon. Handgranatane var klare, maskinpistolane ladde og sikra og anleta sverta med sot.
Klokka 23.15 var dei inne i Selbjørnsfjorden og då var det så lyst på grunn av fullmånen at dei kunne lesa aviser på dekk. Det var damstille sjø, han låg som eit stovegolv.

Dei 35 commandosoldatane var fordelte på to MTB-ar. Planen var at dei no skulle halde sør Nyleia saman med tre andre båtar, medan dei to siste MTB-ane skulle halda innover Selbjørnsfjorden for å opphalda festninga på Osterneset.

Kort før midnatt dreier dei to MTB-ane babord og to torpedoar skyt ut frå den eine og med det er kanonane på kiskaien sett ut av stand.

Dei tre andre MTB-ane styrer ned Digernessundet og er snart i heftig kamp med festningsverka på Tittelsnes og Bjelland.

I det soldatane hoppar i land på kaien får dei sitt fyrste tap. Ivar M. Haga, som skulle vera vakt på kiskaien medan raidet pågjekk, vart råka av geværeld og fall. Ein engelskmann tek over hans plass. Folk i Sagvågområdet er no godt vakne. Og dei undrar seg. Er det invasjon? Flyangrep? Festningsverka på Bjelland og Tittelsnes fyrer laus det dei er gode for og lyskastarane sveiper over området slik at det er lyst som dagen.

Ungdom som kjem heim frå fest sundagsnatta gnir seg i augo og lurer på om dei ser rett: Ei lang rekkje med menn med to-tre meter avstand, sverta i fjeset, tunge ryggsekkar og våpen.
Då går flyalarmen. Og for commandogruppa er dette ei lette i det dei sivile då søkjer dekning og dei kan få arbeida i ro.

Dei tre kilometrane frå Sagvåg til Litlabø var gått eit uttal gongar, men no var det alvor og det synte seg. Engelskmannen som gjekk i brodden sakna snart farten og Rostøens sjef, Harald Risnes (den seinare leiaren for BJØRN WEST i Matrefjella), ropar.
– Du Torkjell får gå fyrst og se å få opp farten.
Og som Torkjell sjølv seier:
– Den gong var eg i mitt livs form og gjekk det eg var god for. Me nådde gruvene etter tidsplanen.

Då er det at den fyrste tabben skjer. Ein engelskmann som skulle sprenga det elektriske anlegget, vert for ivrig. I staden for å venta til dei andre er ferdig med sitt, går transformatoren i lufta fyrst og dermed står dei der i mørket inne på anlegget.
Torkjell Rostøen fortel:
– Ein engelsk menig skulle hjelpa meg med å lysa medan eg festa sprengladinga. Då hadde tyskarane fått fram forsterkningar og me kunne høyra ganske heftig skyting relativt nært. Truleg vart engelskmannen nervøs. Iallefall miste han lommelykta ned i sjakta og det vart heilt mørkt. Det byrja å hasta. Det var ikkje tid til å nytta fem mi lunte slik planen var. I staden vart sprengladinga knytt som løyste seg ut etter ti sekund. Det var berre å springa og heldigvis var det ein steinheller like i nærleiken som eg dukka meg under og like etter hagla det med metallskrap, stein og trematerialer.

Klokka var 02.30 og det vart gjeve signal om tilbaketrekning. Tyskarane hadde då sperra hovudvegen og soldatane vart tvinga til å nytta skinnegangen for malmtoga. Fem minuttar før MTB-ane skulle ha bakka ut frå kaien, hoppa 34 dødsens trøytte soldatar om bord.

– Eg var som i svime, fortel Torkjell.
Dei kvalde i meg ein dobbel rom og eg kubba ut. Fyrst langt ute i Nordsjøen vekte dei meg og spurde om eg ville sjå når dei skaut ned eit tysk fly. Torkjell var då på same båt som Anders Merkesdal og på tilbaketuren skaut dei ned ein tysk Junker-maskin.

Alle dei sju MTB-ane kom vel attende til Shetland. Men raidet var ikkje utan tap. For utan Ivar M. Hauge som fall på Sagvåg-kaien, gjekk skuta «Gullborg» tapt med sju mann om bord. «Gullborg» skulle liggja mellom Slåtterøy og Stolmen og tena som fyr for å få MTB-ane ut. Skuta og mannskap vart aldri meir spurt etter.

Sagvågraidet var ikkje slutten på krigen for Torkjell Rostøen. I grålysinga om morgonen 1. November 1944 sat han saman med 3 000 andre commando-soldatar, derav 87 norske, i landgangsfartya og såg det flate landet på øya Walcheren stiga fram or synsranda. Dei sat der alvorsame og klemde omkring våpna vel vitande om at innanfor strendene på denne øya som vart kalla Holland hage, hadde tyskarane nokre av dei sterkaste festningsverk i heile Atlanterhavsvollen. Minebelte, piggtrådsperringar, kanonstillingar, maskingeværreir i eit heilt flatt lende. I dei åtte dagane kampane rasa, vart øya forvandla frå ein Edens hage til eit helvete på jord. Av dei 3 000 soldatane var det 50 prosent falne og hardt såra. Nordmennene hadde fire falne og 20 såra. Torkjell var på dette tidspunktet lagførar. Seinare omkring juletider 1944 var han med i dei harde kampane ved elva Maas. Dei gjorde raids innanfor dei tyske linene og tok fangar. Julaftan 1944 var han på patrulje ute på elva i gummibåt då dei vart skotne på av tyskarane.

Far til Torkjell, Lars Olai Rostøen, hadde radio under heile krigen. Svigersonen, Sverre Blix, hadde laga til eit fikst rom i kjellarmuren slik at det var omtrent uråd å oppdaga det. Lars Olai var nede i kjellaren kvar kveld klokka halv sju for å høyra på nyhendene frå London. Han hadde eit stort ynskje: å oppleva freden og sjå son sin at. Men i februar 1945 døydde han, berre 59 år gamal. Då var Torkjell ein stad i Tyskland.
I juni kom han heim til Rostøy med leilighetsskyss frå Bergen – han fekk sitja på med Karl Drønen.
Lilly Blix fortel:
– Mor vår, Martha, var ikkje seg sjølv desse dagane. Torkjell hadde ringt og sagt han var undervegs. Ho gjekk opp på haugane og såg etter kvar einaste båt, og skuffinga var stor kvar gong der ikkje var han. Den stunda då bror min endeleg kom og mor sprang han i møte, kan eg ikkje skildra. Slikt må opplevast.

Kjelder:
Arnfinn Haga: Arquebus kallar London
Opplysningar gjevne av:
Torkjell Rostøen, Anders Merkesdal, Lilly Blix