Enda sine dagar ved Grøningen

 

TrH/Marsteinen 2. august 2001

22. mars 1941, klokka 0910: Das Vp.Bt «Otter» schiesst im Korsfjord eine angreifende Bristol Blenheim ab. Tyskarane sin logg fortel lite om skjebene bak nedskytinga ved Grøningen. Ein av dei tre omkomne britane var John Kenneth York, bombesiktar og skyttar.

Ken, som John Kenneth vart kalla til vanleg, var ein av seks søsken – alle gutar. Fleire av dei var i teneste under krigen, mellom anna Reg som var bakkemannskap for Det britiske flyvåpenet, Royal Air Force, i Egypt. Han overlevde krigen, og bur no i Australia. Ein annan av brørne, Dennis, var fallskjermsoldat og var med på Kreta, i Italia, Arnhem og bak fienden sine liner i det tidlegare Jugoslavia. Ken meldte seg til teneste like før eller rett etter krigsutbrotet i september 1939. I løpet av tenesta med British Expeditionary Force, B.E.F., skaut han ned eit tysk fly, og dei fekk fri til å reisa heim frå Frankrike på ein såkalla «Blighty», perm i sju dagar. Da dei kom attende til Frankrike, fekk dei veta at tyskarane hadde erobra rullebanen, og at alle britiske styrker måtte retunera til Dunquerque der dei skulle evakuerast attende til Britannia. Ken kom seg samen med kompisen til franskekysten, ikkje fullstendig utan ulovelege reisemetodar. Dei brukte alt dei kunne låne, tigga til seg eller stela for å sikra seg reisa attende til heimlandet. Då dei kom til hamnebyen ved kanalen, kunne dei ha gått ombord i eit svært skip som britane fyllte opp med soldatar. Vennen til Ken ville særs gjerne ombord, men Ken meinte at tyskarane sikkert ville skyta på den feitaste gåsa først, og fekk rett. Bomba i senk av tyske fly vart det. Alternativet var ikkje så mykje betre, for motorbåten Ken hadde klatra ombord kolsegla, då ei av bombene som var tenkt på det store skipet, datt i vatnet like ved. Ken sin kompis drukna då han hamna i vatnet. Han kunne ikkje symja. Vår ven var heldigare, og vart plukka opp. Kort tid etterpå var han i England att, og kunne ta til på tenesta. I løpet av tenestetida si, vart han tvungen til å hoppa ut av flyet sitt heile fem gongar. Ein gong vart dei skadd over Noreg, men klarte å humpa seg attende til Yorkshirekysten, der dei hoppa ut over Hull. Ken var ein hårsbreidd frå å bli køyrt over då han landa midt i handlegata i kystbyen. Lokalbefolkninga var lite imponerte; dei trudde han var spion, og han vart nesten hengd fordi dei mistenkte han for å vera tysk spion! I slutten på mars i 1941 var det slutt på flaksen. Med ein Bristol Blenheim frå 254 skvadrona, som var stasjonert ved Wick i Nord-Skottland, var dei på rekognosering langs norskekysten. Dei oppdaga forpostbåten «Otter», som var den tidlegare «Lindås», og gjekk til åtak. Det skulle dei ikkje ha gjort, for antiluftskytset fekk flygemaskina på kornet, og den gjekk ned i flammar. Augevitnet Tormund Fagerbakke var 23 år i 1941, og minnest godt nedskytinga. Når det skjedde ting i lufta rundt øyane, pleidde folk å trekka opp på haugane for å sjå kva som gjekk føre seg. Tormund fortel at han såg at flygemaskina vart trefft av antiluftskytset på vaktbåten. Ein av mannskapet hoppa ut av flyet omtrent over Eikholmen, medan flyet som det rauk kraftig frå, heldt fram vestover. Han er ganske sikker på at det må ha dotte ned omtrent ved Skolten. – Det hadde sikkert gått bra for briten denne gongen, om det ikkje hadde vore for at tyskertane som skaut på han då han hengde i lufta med fallskjermen sin, seier Tormund Fagerbakke til Marsteinen. Dagen etter rodde Johannes Sætrevik frå Drivenes til Kvalvåg fordi dei skulle helda gudsteneste i kyrkja der ute. Han fann den døde briten, og batt han fast ved Slåttvika. Seinare gjekk Tormund ut med båten og fann briten, som etter alt og dømma var sersjant York. Tormund, som var aktiv motstandsmann under krigen, kan fortelja at bakhovudet til engelskmannen var øydelagt, noko som skulle underbyggja påstanden om at tyskarane braut alle konvensjonar og drap ein forsvarslaus mann. Uansett fekk dei teke briten inn i Bernt Karlsen sitt naust der han vert liggjande til tyskarane reiste og henta han. Både York og flygaren J. A. Duff, som og klarte å hoppa ut, vart gravlagde på gravplassen i Kvalvåg. Nær 500 menneske følgde dei unge britane til grava. Seinare vart dei flytta til Rossabø i Haugesund der dei fekk sin endelege kvilestad.