«Kong Olaf» senka av sine eigne

 

TrH/Marsteinen 5. juli 2001

I november 1944 vart skipet S/S «Kong Olaf» seinka på austsida av Huftarøy. Mange tyskarar døde som ei følge av ei misforståing mellom skipet S/S «Kong Olaf» og tyskarane sine fort på Reksteren og Røttinga.

Skipet som hadde tilhøyrt Stavangerske damskipselskap, fungerte som forpostbåt, eller eskortefarty, for «August Bolten», som frakta tysk krigsmateriell frå Finnmark i samband med evakueringa derifrå. Samstundes som skipa nærma seg Langenuen på veg sørover, slo tyskarane alarm grunna britiske MTB’ar langs kysten. I ei tett snøbyge gjekk transportskipet «August Bolten» på Alnholmen ved Strøno. Mannskapet vart delvis berga ombord i «Kong Olaf», som sjølv vart liggjande ute i Bjørnefjorden. Festninga på Røttinga byrja søkja med lyskastarar truleg med mistanke om at det var allierte skip i farvatna, og fann snart fram til sine eigen forpostbåt. Dette var dårleg nytt for skipet, som sjølv hadde grunn til å frykta eventuelle britiske motortorpedobåtar i området. Difor sendte kapteinen opp eit lyssignal om at det dreide seg om «eige skip», utan at dette fekk mannskapa på festninga til å sløkka lyskastaren. Den lagnadtunge avgjerdsla kapteinen tok til slutt var å skyta ut lyset sjølv, noko som førte til at elden vart gjengjelda frå festninga på Røttinga, og etterkvart og frå Reksteren nord då «Kong Olaf» gjekk sørover Langenuen. Osterneset fort kan og ha fyrt av salvar mot skipet. Redda seg i land Forpostskipet vart treft, og gjekk ned i nærleiken av Sandvik på Huftarøy. Birger Bratten fortalde at familien rømte frå huset sitt då dei høyrde omfattande skyting frå fjorden, og var redde for at huset deira skulle bli treft. Neste morgon på veg til snikkarverkstaden han hadde saman med Alarik Såtendal, fann dei ein sundskoten gummiflåte. Denne delte dei i to, då gummien kunne komma godt med til ulike føremål. Dei fann og ein koffert som inneheldt personlege gjenstandar som toalettsaker og ein pyjamas. Dokument frå kofferten fortalde at det dreide seg om eigendelane til Johann Hasselbusch, som var kaptein på «August Bolten». Ein død tyskar vart funnen og halt ombord i robåten, og innanfor Gjengjo sat to tyskarar saman. Den eine hadde brystskadar, medan den andre var uskadd. Begge vart rodde til vaktbåten som ofte låg i Sandvikhamn, men no var eit stykke ute i Langenuen. Same kvelden som ulukka hende, tok tre tyske soldatar seg fram til garden der Petra og Alfred Haukanes budde. Tyskarane var forkomne, og på gebrokkent norsk bad ein av dei om å få komma inn. Dei sjekka uthus og andre bygningar for å forvissa seg om at det var trygt der. Då dei fann telefontstyr vart dei litt oppskaka, men roa seg ned att då dei vart fortalde at Alfred arbeidde i televerket. Soldatane fortalde at dei hadde vore med på eit skip som hadde vorte seikna lenger sør. Dei oppførte seg godt, og viste stort omsut til dei små borna i huset. Tyskarane, som var i 20-30 årsalderen, fekk høve til å sova på loftet inntil dei vart henta tidleg neste morgon. På Haveland hadde og eit par tyskarar funne vegen til folk. Dei hadde gått ute om natta, og den eine hadde berre på seg kjeledress, og var utan sko på beina. Den andre hadde på seg marineuniform, men var like forfrossen som den andre. Dei fekk komma inn og fekk ta på seg turre klede, medan ein fekk opp stimen på omnen. Soldatane vart beordra ned til Kolbeinshamn, der dei i likskap med mange av dei andre overlevande frå skipet vart henta seinare på dagen. Død i sjøen Den påfølgande dagen fann Sigurd og Mons Haukanes ein livlaus soldat som låg og flaut i vatnet like utanfor Sandvikhamn. Tyskaren var kledd i brun uniform, og hadde store skadar i andletet. Dei to karane halte liket ombord i båten sin, og rodde mot Sandvikhamn, der det den tyske vaktbåten ikkje låg slik som den pleide. Då dei som budde på staden nekta å ta liket på land, rodde dei attende til Kolbeinshamn. Her plasserte dei soldaten mellom nokre kassar og ein del is i eit naust. Tyskarane kom etterkvart og henta den falne, og plasserte han i ei kasseliknande kiste. Etter krigen fann Mons og Sigurd Haukanes nok eit lik av ein tysk marinesoldat. Den 30. august 1945 gjekk dei langs strandkanten på veg heim etter å ha arbeidd på ein båt i Sandvikhamn. Karane oppdaga levningane av ein gast som hadde kome seg i land og krøpe inn under ein hiller. Mannen, ein Willi Kramer, hadde på seg vanleg marineuniform, og han hadde drege jakken over andletet, og han hadde mista den eine skoen sin. Funnet vart rapportert til lensmannen, og ført inn i dødsfallsprotokollen med datoen 15. november 1944. Kramer vart gravlagd på Stolmen. I etterkant av hendinga vart det oppvask hos dei tyske militære. Skipssjefen ombord i «Kong Olaf» var ein av dei omlag 27 menneska som overlevde senkinga.