Vadlasletta

 

Dei fleste sunnhordlendingar veit nok enno kva vadlasletta er. (Resten av dykk: Vent pittelitt.) Andre stader kan sletta åleine tyda det same. (Snø)slette, sklette og slatter har i lag dekt det meste av Vest-Noreg, Trøndelag og Nord-Noreg. Det gjeld både orda og – rett som det er – det dei viser til. Sakkunnskapen i vest skulle vera den beste. Men det som har vunne fram i skriftmålet, er likevel austlandsordet sludd og omskrivingar som «vassen snø». Vel er sludd er eit godt ord – men kjennest det like vestlandsvått som vadlasletta?

Fyrste delen av vadlasletta kjem av vodel ’vassblanda snø eller is som ein vader i’ og er i slekt med å va(da) og å vassa. Eit anna ord i same slekta er voda (vóa), som kan tyda både ’vassing’ og ’far i snøen’. I Sunnhordland tyder det fiskestim i sjøloket, eller stripa etter ein stim – til dømes sildavoda. Heilt inn i Sverige har ordet funnest dialektalt i ymse tydingar.

Kring år 2000 granska eg kunnskapen om ordtilfanget på Stord. På lista stod nokre få ord om vêr og vind. Det ordet som hevda seg best, var ròsa ’vindflaga’. Motstykket gula var minst kjent (havgula er jamn vind frå havet). På tredje plass, etter floavêr, kom vadlasletta. Dei aller fleste innfødde åttiåringane og femtiåringane kjende og brukte ordet. Eit par av dei middelaldrande fortalde at ungane lo av dei når dei sa vadlasletta, og nokre vitna om at dei hadde lagt seg til å seia sludd fordi andre ikkje forstod dei elles. Berre helvta av trettiåringane kjende ordet i overskrifta. So fort kan det gå når ein tek til å tvila på eit godt norsk ord som ikkje finst i «riksdialekten». Dei fyrste som taut om at vadlasletta var eit vanskeleg gamalt bygdamålsord, fór med både sludd og sludder – for på den tida var valleslette jamvel velkjent i Bergen og Haugesund. Men so tok snøballen til å rulla, og dei som sa vadlasletta, melde pass til sludd.

Av Bård Eskeland