Styving

 

Styver du noko, vert det stuttare. Ein styving er i slekt med ein stuv: Meir eller mindre av det øvste vantar. Det kan innebera ymist. I nynorsk har styving to – trass alt – tolleg åtskilde tydingar: ’halvvaksen gut’ og ’tosk’. Det er den fyrste tydinga som er notert frå gamalt hordalandsmål, der styving og halvstyving er det same. Tosketydinga er mykje nytta i nynorsk, ho høyrer tradisjonelt til litt lenger aust og er sjølvsagt like god.

Mest alle gamle og halvgamle sunnhordlendingar eg har fråga, nyttar ordet styving om unggutar. Men eg har òg fretta ut eit utval førtiåringar på Stord om dei nyttar ordet slik, og berre ein fjerdedel svarar ja. Av dei få unge som kjenner ordet, meiner fleire at ein styving er styven, det vil seia stutt i hovudet snarere enn i kroppen. Mange nyttar nok i alle fall halvstyving i dobbel tyding.

På Austlandet har framsleng vore mykje nytta om halvvaksne gutar, og framslengje om jenter i framslengsalderen. Ein utbreidd samnemnar er framvekstring. No har ungdomen snart trengt både styvingar, framslengar og framvekstringar ut or målet. Men språket er sopass usympatisk håtta at det aldri får nok av ord for tomsingar. På dette omkvervet kan dialektord halda seg betre enn elles, og det er vel difor det enno finst styvingar som har høyrt om styvingar. Litt fleire menn enn kvinner kjenner ordet, og det er vel ikkje te undrast på. For ein styving er ein framvekstring av hankjønn, og sovorne mun ha høyrt ordet oftare – i den eine eller den andre tydinga.

PS: Apropos negative personkarakteristikkar er eg beden om å skriva om pilletransk eller peletransk ’utkropen, kranglevoren’. Men ingen kan skriva betre om dette ordet enn Kari Lønning Aarø har gjort i nettutgåva til bladet Sunnhordland. Ho set det m.a. i samband med pelementa ’krangla’ og ’krangel’, som igjen kjem av parlament. Det siste kunne alt i gamalnorsk tyda strid og trette.

Av Bård Eskeland