Tvoga

 

Ein må gjerne vaska, men alt med måte – om ikkje målet er å få det heilt sterilt. Det finst trass alt andre ord. Berre tenk på Pilatus – var det ikkje slik at han valde å «toe sine hender»? Nei, då! I alle fall frå 1930 og frametter har han vaska hendene på sidemålet, ifylgje Norsk Bibelselskap. Men bokmålsbibelen er ikkje heilt utvaska. I 1930-utgåva «tvettes» det 86 gonger (i den nyaste berre 2). I nynorskbibelen frå 1938 tvettar eller tvættar dei åtte gonger, seinare ingen, men ikkje av di omsetjarane er meir skitvorne no enn før. Det er berre fordi dei før nytta det sterke verbet två i staden. Det vert bøygt slik: å två – tvær – tvo – har tvege og er nytta over hundre gonger i 1938-utgåva. Det var siste gongen Pilatusen tvo nevane sine på prent. I 1985 vart dette eldgamle ordet tvege ut or bibelsoga.

Det er lenge sidan ein bokstavleg tala tvo seg i Sunnhordland, men heller ikkje det kjem av skitsemd, snarare tvert om. Før sa ein ikkje berre å två, men nytta fleire ord avleidde av dette vakre verbet. Til dømes tvag. Det tyder helst menneske- eller hestapiss, som i maratvag, eller «hoppeurin» på NRK-norsk. (Eit synonym som er meir nytta om kyr, er land.) Ein migande hest tvagar, med andre ord. Men kva har no det med tvått (vasking) å gjera? må du gjerne spørja. Svaret er at urin har ei lang soge innanfor både reingjerings- og kosmetikkbransjen. Til dømes vart ull vaska i gamalt tvag i gode gamle dagar, og karbamid er det same som urea. I somme dialektar har tvag den meir utvatna tydinga vaskevatn generelt.

Det nest siste ordet eg vil veifta med, er tvoga. Bruk gjerne golv- og vaskeklut der det høver, men eg for min del heisar tvòga til topps i denne artikkelen. Ordet er kjent frå det meste av landet i ymse fasongar, frå sørvestnorsk tvåga og austlandsk tvugu og til inntrøndersk tu. Serleg nord i Sunnhordland har det vore mykje ø-lyd for open o, slik at uttalen har vorte tvøga.

Når me er inne på reinsemd, kan det høva å slutta med ein skikkeleg sturt. Å sturta (hest uttala stórta) kan tyda både å falla brått eller å tøma noko brått, til dømes fisk or ei tunna. I det  meste av landet har ein òg sagt sturta om dyr som brådaudar, til dømes sturtar på båsen. I Hordaland har ein tala om sturtafiskje når ein har fått mykje fisk fort. I skriftmåla heiter sturta oftast styrte, som i «å styrte» med fly. Styrt/sturt i tydinga brå straum eller sprut er enno nytta i normalmåla, jamfør styrtsjø. Som «familiær» markerer Norsk Riksmålsordbok likevel styrt i tydinga ’dusj’. Men det er ingen grunn til å leggja band på bruken av sturt i denne tydinga. På islandsk heiter dusj sturta, og ein fer i sturtu. Det er endå fleire sturt-ord i sunnhordlandsmål. Til dømes kan ein vera sturt (heilt) naken når ein tek seg ein sturt, anten ein gjer det sjeldan eller sturt i eino (stadig vekk). Ein er slett ikkje sturt galen om ein skriv desse orda med u. Alle gjer det likevel i hurten og sturten.

Av Bård Eskeland