Høgt med høyend

 

Høyend eller høyende har vore eit vanleg norsk ord som svarar til hynde på dansk. Helst skulle me ha skrive høgjend (uttalen vert likevel den same), for dette ordet kjem av høg. Høyend tyder ’pute’, og høyendsvær er ’putevar’. På ei pute sit eller ligg ein unekteleg høgare, men det kjem ikkje saka ved. For det me har føre oss, er eit anna slags høg, som tyder ’lagleg, makeleg, bekvem, behageleg’ (islandsk: hagkvæmur). I Sunnhordland har dette heitt høgleg, som i eit høgleg arbeid eller eit høgleg liv. Ein kan òg ta noko høglegt. Skal tru om desse orda er i bruk enno? Eit meir lokalt ord er høgdaleg.

Ordlekken –hag- i behageleg er i slekt med høg i høgleg. Og då er me inne på eit av dei finaste orda i norsk, som har vore nytta i det meste av landet før riksdialekten tynte det, nemleg: hag ’dugande, nevenyttig, praktisk, kunstferdig’. Ein kan vera hag te læra og hag i hendene. Hag er òg noko ein kan ha, og då tyder det ’dugleik, skikk på, lag med’ (ferdighet). Er ein ordhag, er ein ’god med ord’ og har ordhegd ’talegåver’. Nett dei to siste orda er ikkje frå Sunnhordland, men det er både ordhitten ’som finn dei rette orda’ og hagnytten ’ressursmedviten, sparsam’. Desse to orda finst på Island òg. Der er dei både ordhitne og språkleg hagnytne. Dei nyttar dei to stutte adjektiva hagur (hag) og hægur (høg) til å dekkja det meste som gjeld orden, nytte og det som er lagleg. Dei har hundre samansetningar med desse orda der nordmenn flest vantar både ordhegd og høyend.

Substantivet hagur (hag) er òg eit viktig ord i islandsk, som det ville ha vore i norsk om me var meir ordhage. Det tyder mellom anna ’tilstand’, ’tilhøve’ og ’nytte’. Hagsmunir er ’interesser’, efnahagur er økonomi og hagfræði er samfunnsøkonomi(faget). Men nokre få og mektige islendingar har diverre hatt lite hagnýtni, og diverre lyt alle svi for det. No gjeld det å haga seg (koma i orden). Somme kan jamvel bli nøydde til å hegda suvlet (spara den feite maten) ei tid.

Av Bård Eskeland