Flesk, flesk, epleflesk

 


Flesk er blitt sjeldan vare. Skal du ha skikkeleg flesk må du gå til slaktaren, eller kanskje finn du ein bit i ein velutrusta kjøttdisk i byn. Men me får ta det me har, og då er bacon det næraste. Det er sikkert nok fett på baconet og, for det er nemleg det me er ute etter for å få den verkeleg gode smaken når du skal laga epleflesk.
Dette er ein rett som fyller godt i magen. Den kan godt brukast som tilbehør, men det er så utruleg godt på smak at det lett vert til at ein sit og et dette i staden for resten.
Bruk tørka grønerter, eller poseertestuing om du ikkje er så oppteken av det. Set ertene i vatn over natta, og kok dei seinare i same vatnet til ertestuing.
Del flesket i skiver eller terningar, og steik det i panna. Ta ut baconet, men set det varmt. Skjer eit par syrlige epler i båtar eller terningar, og steik det i baconfeittet. Strø sukker oppå om du vil ha det søtare.
Server retten ved at du legg ertestuinga på fatet, og legg epla og baconet oppå. Ha resten av feittet i ei skål ved sida, eller tøm det opp på retten.

Grønnerterstuing med steikte epler og flesk

Grønerter (føl oppskrift på pakken)
1/2 – 3/4 kg flesk
1/2 kg syrlege epler
30 gr. Sukker

Denne oppskrifta har me fått av Kristi Hevrøy.