Djerv krigslist ved Krossøy

 

I mai 1940 inspiserte kong George IV "Draug" sitt mannskap. Sjur Normann Østervold var oppskaka over antrekka til det norske mannskapet. Foto utlånt av familien.

TrH / Marsteinen 11. mai 2006

Sjur Normann Østervold var 27 år gamal då Den andre verdskrigen braut ut. Som ung løytnant i Marinen klekka han ut ein plan som skulle skaka okkupasjonsmakta. Og enno finn du vrakrestar på Kyrholmen.

Noreg var dårleg førebudd på invasjon. Natt til 9. april stod Sjur Nordmann Østervold om bord i jagaren «Draug» og heldt oppsyn med trafikken i Karmsundet. Første krigsinnsats var å ta det tyske lasteskipet «Main» i arrest, før tilhøva dikterte at ein måtte snu baugen mot storebror i Vest.

Barefoot
Østervold hadde ikkje vore lenge i Storbritannia før han la fram columbiegg-planen som seinare fekk namnet «Operation Barefoot». Essensen i planen var å nytta seg av dei nye MTB-ane, som hadde for kort rekkevidde til å gå heilt til den norske kysten og attende. Løysinga var å nytta seg av ein slepebåt, som i dette tilfellet ville vera den nokså utdaterte jagaren som han hadde vore nestkommanderande på ved krigsutbruddet. På ein gitt posisjon utanfor kysten, ville motortorpedobåt og jagar skilja lag, og førstnemte finna seg ein stad å liggja skjult i ei vik inntil eit brukbart mål kom siglande.
Austevollingen sine planar falt først ikkje i den beste jord hos sjefane i Royal Navy. Likevel heldt han fram med å sysla med tankar om aksjonar langs norskekysten. Utgangspunktet hans var badevika på Krossøy, der han var fødd, og seinare nytte mange fristunder. Den vesle laguna er nærast umogleg å sjå frå sjøsida, og ein MTB kunne kamuflerast frå fly i påvente av nattas svarte mørke. I allianse med den gamle skipssjefen frå «Draug», Holthe, vart saka lagt fram for Commander Mayburry, som tok saka vidare heilt til The Admiralty, der planane endeleg fekk grønt lys.

Aksjonen
Etter godkjenninga frå skrivebordsadmiralane, bar det nordover til Orknøyane og den legendariske marinebasen Scapa Flow. Dette var i september 1941, og nettene vart stadig lenger, noko som vil gje eit ideelt bakteppe for operasjonen i austevollske farvatn.
Det var den nybygde MTB 56 som skulle nyttast til oppdraget. Båten hadde berre drivstoff til å gå 200 nautiske mil, som om lag tilsvarer ei kryssing av Nordsjøen. 1. oktober drog «Draug» ut frå Orknøyane med ein liten MTB på slep etter seg på den rolege sjøen. Kursen er sett for Krossfjorden, og 28-årige Østervold har det enorme ansvaret som Officer in Tactical Command, der han stod saman med skipssjef Per Edvard Danielsen på brua av MTB-en på 76 fot.

Høg puls
2. oktober rundt middag vart slepet avbrote, og jagaren set kursen attende mot Orknøyane. Båtane var 110 nautiske mil vest av Slåtterøy, og det vart nattesvart før MTB-en var på høgde med austevollsøyane. Dei kom seg uproblematisk inn i den avskjerma badevika, og sette i gong med å kamuflera den 30 tonn store båten. Vaktpost vart sett opp på Krossøys høgaste punkt, berre eit steinkast frå der den tyske vaktbåten for området var stasjonert.
Neste dag: Nestkommanderande om bord, Karl Hjellestad, merka seg at ein vaktbåt kom ut frå Korsneset, med ein ubehageleg kurs. Han kom til å passera rett så nær gøymestaden til nordmennene. Til slutt var det berre 300 – 400 meter mellom den tyske og norske båten. Inne i den paradisiske laguna heldt mannskapet pusten, men Danielsen kunne pusta letta ut og konstatera at «Det var jammen nære på, for her ligg me som rotte i felle.» Litt seinare den fine haustdagen kom eit tysk fly glidande over tretoppane, og nordmennene var sikre på at dei var oppdaga. Men flyet kalte ikkje opp forsterkingar, og kvelden kom utan større dramatikk.

4000 tonn opp i røyk
Alle spor frå gjestinga i vika vart fjerna, og MTB-en la seg klar til å slå til dersom eit av tyskarane sine feite lasteskip kom siglande i Krossfjorden. Kursen vart sett mot Lærøysundet, og fullmånen gjorde målsøk til ei enkel oppgåve. Likevel var det stille. Timane gjekk, og det var ikkje teikn til trafikk langs kysten.
Brått fekk Hjellestad auge på eit skip, nordvest av Sandtorv. Det hadde eskorte av trålarar framme og bak, og hadde ein fart på omkring 10 knop. Alle om bord vart tente og konsentrerte om arbeidsoppgåvene sine då dei nærma seg målet. Tankaren glei inn i torpedosiktet til Danielsen, og han drog handtaket som avfyrte dei to torpedoane, så det gjekk eit rykk gjennom fartøyet.
Dei giftige røra trefte tankaren forut, og han gjekk raskt opp i lys lue. Danielsen gav ordre om full fart framover, og MTB-en stakk raskt av frå eskorten. Festninga på Korsneset avfyrte skot mot dei, utan å vera i nærleiken av å treffa.
Stemninga var høg blant mannskapet, og oppdraget var utan tvil ein strålande suksess. I loggen vart det teikna ned at «Et fiendtlig tankskip på ca 4000 tonn og en eskorte senket. Alt vel.»

Landsmenn
I ettertid vart det klart at den var norske M/T «Borgny» som vart senka ved Kyrholmen. Skipet var rekvirert av tyskarane, men hadde framleis norsk mannskap. 14 av dei 27 om bord omkom i flammane, noko som sette ein viss stoppar for den glødande entusiasmen Sjur Nordmann og dei andre hadde følt ved fullført oppdrag. Likevel hadde dei stogga 3 500 tonn flybensin i å nå svoltne Messerschmidt- og Junkers-motorar.
Operasjonen vekte stor begeistring i Strorbritannia. Østervold fekk tildelt Distingusihed Service Cross same året for planlegginga av operasjonen. Utmerkinga er den høgaste som kan gjevast utanlandske offiserar. Berre 39 gongar fekk nordmenn denne medaljen tildelt under den store krigen. Krigskorset med sverd vart delt ut frå dei norske styresmaktene i London.

Kriginnsats frå Krossøy
Sjur Normann Østervold var med på både Murmansk-konvoi, og invasjonen i Normandie. Ved franskekysten vart den nye jagaren «Svenner» senka av tyskarane, men austevollingen vart berga. 34 av mannskapet døydde på den dagen som vart byrjinga på slutten av Hitler-Tysklands jerngrep på Europa.
Heile seks familiemedlemmar deltok i krigsinnsatsen mot tyskarane. Faren Jan, som var gammal gullmedaljevinnar i segling frå OL, var skipper om bord i fleire Notraship. Tre av sønene hans, Olaf, Jan og Sjur, var blitt senka i løpet av krigen, men dei kom frå det. Finn vart jagarflygar, men vart skoten ned over Nijmegen på det 18. toktet sitt. No kviler han på Solheim æreskirkegård i Bergen.
Søster Agnes var på si side sjukepleiar, og hadde teke seg over Nordsjøen då dei norske og allierte styrkane evakuerte gamlelandet.
Etter krigen heldt Sjur Normann fram med den sjømilitære karrieren sin. Han vart mellom anna skipssjef på KNM «Stord», etterfølgd av same oppgåve om bord i KNM «Oslo». I januar 1949 fekk han det særs ærefulle oppdraget med å vera Kong Haakons adjutant. Denne posten heldt han på i to år, og dermed vart det kongeleg lunsj på austevollingen. Det rike livet heldt seinare fram med tre år som marineattaché i London, og avslutting av karrieren, som forsvarsattaché i Moskva. 1. oktober 1974 pensjonerte austevollingen seg frå tenesta i kongens kle.

Kjelde: Ola Bøe Hansen: «Et rikt liv i fedrelandets tjeneste» – Portrett av kommandør Sjur Normann Østervold, Sjømilitære Samfund ved Norsk Tidsskift for Sjøvesen, Hundvåg, 2001