Hamner

 

Det er fleire tilrettelagde gjestehamner i kommunen, i tillegg til avskjerma bukter ein kan ankra opp i.

1. Bakkasund
På kystdagen i juni samla dei meir enn tusen menneske her, på denne idylliske staden på austsida av Storakalsøy. Her er det kai med god djupn. Vest for kaia er det grunt. Her er det fortøyingsboltar, gjestekai, bunkers, dusj og vaskerom. Butikk og interessant bygdamuseum på kaien.

2. Torangsvågen
Romsleg og god hamn på austsida av Hundvåkøy. Mange fiskebåtar har heimehamn her, og det er gode djupner i vågen. Nyopna butikk med fiskeutstyr like ved. Ikkje tilrettelagt gjestehamn.

3. Horgo
På Horgo er det romsleg og god hamn. Sand- og leirbotn gjev godt ankerfeste og det er gode djupner. Her er fortøyingsboltar og flytebrygge. Sør i vågen er det langgrunt. Her er sandstrand og flotte badeplassar. Eit av fleire friluftsparadis for båtfolk.

4. Møkster
Øya ligg vest i Møkstrafjorden, og er eit sjarmerande øysamfunn med omlag 70 fastbuande. Hamna er søraust på øya, og det er fleire område for ankring innafor lykta på skjel og sandbotn. På Møkster finn du gjestebrygge, med post og butikk på kaien. Det er også fin badeplass i nærleiken.

5. Litlakalsøy
Denne bilfrie øya ligg mellom Møkster og Hevrøy. Her er ei koseleg hamn med gjestebrygge og landhandel. Straum, toalett og vaskemaskin. Du finn flotte badestrender nord på øya og i holmane rundt.

6. Hevrøy
Øya har ingen fastbuande, men mange sommargjester. Øya har ei lita trong molohamn og ligg nord for Stolmen. Det er ikkje tilrettelagt med gjestehamn på Hevrøy, men høyr med hyttefolket kor du kan leggja båten din.

7. Kvalvåg
Dette er ei god og lun hamn på nordsida av Stolmen. Ei gamal handels- og fiskerihamn med naustmiljø, kyrkje og kafé. Ankring og
fortøying innst i vågen på sandbotn. Fortøyingsboltar og bryggjer.

8. Stolmavåg
God hamn søraust på Stolmen. Høve til å ankra opp eller leggja til bryggjer.

9. Bekkjarvik
Ei svært populær hamn med handlesenter på austsida av Selbjørn. Her er det stor gjestehamn som brukar å vera livleg i feriar og helger. På kaiområdet like ved er det butikkar, kro, restaurant og pub. Fint naustmiljø med ei gamal nothengje som også blir brukt til konsertar og framsyningar. Sjå den flotte statua av Sildajento som ble avduka av Dronning Sonja under kongebesøket. Overnattingsstader, bunkers, dusj, vaskerom, avfallsdunkar, kunstgalleri og spa. Tråløst internet, bibliotek og turistinformasjon. Mange båtreisande har Bekkjarvik som eit fast stopp på sommarferda si.

10. Kolbeinshamn
Dette er ein gamal handelsstad på nord-austsida av Huftarøy. Lun hamn som ligg skjerma for vêr og vind. Dette er ein populær stad med triveleg vertskap. Gjestehamna er godt utbygd med flytebryggjer og har god djupn. På kaien finn du wc, dusj, vaskemaskin, straumuttak og ferskvatn. Det er også høve til å leiga seg rom her.

11. Storebø
Nord-vest på Huftarøy finn ein fiskerihamna Storebø. Gjestebryggja ligg i Gråsidalen og her er det høve for bunkring. Storebø er kommunesenteret i Austevoll og det er ein kort spasertur frå bryggja til butikkar og bank. Det ligg kulturbakeri og pizzarestaurant like ved gjestehamna. Bakeriet ligg i den nyrestaurerte prestegarden på Tusenårsstaden. I same bygget er det også tilbod om spabehandling. Ved båthamna er ei flott sandstrand som er veleigna for små born, og Prestaneset friluftsområde ligg like ved.