Badeplassar

 

Juthola på Selbjørn er ein populær badeplass.

1. Prestaneset og Gråsidalen
Denne badestranda og friluftsområdet ligg på Storebø, ved Austevoll seilforening sitt klubbhus. Bergen og omland friluftsråd har tillrettelagt eit skogsområde med stiar og gapahuk, i samarbeid med Storebø skule. Gråsidalen badestrand ligg like ved båthamna. Dette er ei opparbeidd sandstrand spesielt fin for born. Her er det toalett, stupebrett, informasjonstavle, parkering og kort veg til butikk og bank. Lett tilgjengeleg med rullestol.

2. Horgo
Øya Horgo ligg nord for Møkster og sørvest for Hundvåkøy er vel verdt eit besøk. Her er det fleire lune bukter mot storhavet, sandstrand, lynghei, svaberg og villsau.
Øya er i dag utan fast busetnad. Friluftsområdet er eit tidlegare småbruk på totalt ca. 60 dekar inn-og utmark. Bergen og omland friluftsråd overtok forvaltninga av området i 1988, og våningshuset på eigedommen kan leigast etter avtale. Du finn flytebrygge og informasjonstavle sør i Austrevågen.

3. Kalsundsholmen
Fint område du kan koma til både med båt og bil. Parkeringsplass ved enden av vegen frå Vinnes på Huftarøy, og fortøyingsboltar i Skipavik.
Her er toalett, stupebrett og høve for telting. Det var truleg Samson Olson Ersvær (1860-1922) som bygde steinbruene mellom holmane i Kalsund. I dag er det Bergen og omland friluftsråd som eig området.

4. Komleøya
Mange på Storebø og Eidsbøen nyttar Komleøya som badeplass. Her er det fleire fine viker, nokon har også sandstrand. Du treng båt for å koma deg til øya som ligg nordaust for Sauaneset på austsida av Huftarøy.

5. Litla Lunnøy
Ligg nord for Kalvanes. Vakker sørvendt vik som er særs godt eigna til familieutfluktar. Langgrunt med skjelsand, og det er svaberg som det kan stupast frå. Lengst inne er det strand der det er mogleg å slå leir. Noko skjemma av drivgods.

6. Møllo i Vinnesvågen
Lett tilgjengeleg badestrand med moglegheit for telting. Ein kan også leiga Møllehuset for overnatting. Der er det kokemoglegheiter, køyer og hengekøyer. I området bak stranda finn ein gamle møllesteinar.

7. Blænesøy
Delar av denne øya sør for Huftarøy og Kalsundholmen er friluftsområde. Området ligg sentralt i småbåtleia og består av to viker med eit eide imellom, samt eit småkupert område med svaberg. Området har naturhamn og fine bade- og fiskeplassar. Ei av desse badeplassane er Sandvåg, som er ein fin og lun våg med litt sandstrand. Ein treng båt for å koma hit, og det ligg ei lita flytebryggje like innanfor innløpet.

8. Spissøy

Sveholmen/Spissøy har flott sandstrand.

Sveholmen/Spissøy
Gamalt pionæranlegg innan oppdrett er omskapt til ei friluftsperle. Bergen- og omland friluftsråd har sett i stand området ved hjelp av lokale eldsjeler. I dag vert området nytta vel så mykje som base for padling og fridykking heile året som bading på sommarhalvåret. På sjølve Sveholmen ligg ein flott tidevassdam med sand på botnen, som er spesielt eigna for dei aller minste. Eremittkreps, små flydreungel og reker finn du i massevis. Og tilrettelagt for grilling. Kai for båt på utsida av sjølve Sveholmen.
9. Vassnesvatnet
Dette badevatnet ligg på høgre hand når du kjører av fylkesvegen mot Kolbeinsvik på Huftarøy. Her er det fint opparbeidd badestrand som også passar for små ungar. Vassnesvatnet er ein mykje brukt badeplass, både av bygdafolket og andre. Parkeringsplass like ved.

10. Juthålo og Eie
Mellom Bekkjarvik og Selbjørn skule ligg Juthålo. Svaberg og sandstarnd. Kort veg til parkering og forfriskningar. Lett tilgjengeleg med rullestol. Følg flott tilrettelagt strandpromenade til neste strand som heter Eie.

11. Skår
På nordaustsida av Hundvåkøy finn du Skår, som er ei halvøy med svaberg og fleire fine badeviker. Området er mest nytta av folk med båt. Der er fortøyingsboltar.

12. Krossøy
I Hundvåkosen ligg den vakre Krossøy med lune og skjerma område. Her er det gode tilhøve for bading og fisking. Det er fortøyingsboltar på vestsida, og øya er mykje nytta av båtfolk både lokalt og regionalt.

13. Norevågen
I Norevågen på Selbjørn, ikkje langt frå brua, er det laga til ei lita badestrand. Badeplassen ligg innerst i vågen blant naust, hytter og kaiar.

14. Vågane, Litlakalsøy
Flotte badeviker med kvit sand nordaust på Litlakalsøy. Tilkomst gjennom marka eller med båt.

15. Naustvågen, Møkster
Flott stor badevik med fin sand like ved båthamna.

16. Jettegrytene på Møgster
Sjå omtale lengre bak i guiden.

17. Mølnevik, Stolmen
Badevik i byrjinga av Nordsjøløypa, Vis à vis Sørvika ut mot stor-havet.