Dramatisk blodbad over Austevoll

 

Foto: Utlånt av Museum Vest. Foto av Ingebrigt K. Melingen og Heinz Orlowski utlånt av Sperrbund/Agdestein.

TrH/14. januar 2010

I morgon er det 65 år sidan Oskar Helbing sitt Focke Wulf 190 fatalt naudlanda ved Melingsvarden på Hundvåkøy. I nokre dramatiske minutt over Selbjørnsfjorden og Austevoll vart sju fly skotne ned.

Oskar Helbing. Fyrste gongen eg høyrde namnet var for snart ti år sidan. Flyentusiast og hobbyhistorikar Halvor Sperbund var på jakt etter fleire augevitne til hendingar i krigens siste år, og var spesielt interessert i det valdsame luftslaget over Austevoll den 15. januar 1945. Allierte Mosquito jagerbombarar, som hadde gått til åtak mot frakteskipet «Claus Rickmers» i Leirvik hamn, braka saman med ni tyske jagarfly av typen Focke Wulf 190. Helbing, som var 19 år gamal og fersk flygar, sat i eitt av desse daudbringande flya som tok av frå Herdla kring middagstider.

Herdla
Det er snart 65 år sidan flyslaget over Austevoll. Marsteinen sin utsende kjører varsamt over den vesle, skjøre hengjebrua som bind saman nordpynten av Askøy med den vesle øya Herdla, der dei tyske flya tok av i retning Austevoll. I dag er Herdla ein valfartsstad for ornitologar. Herdlevalen, det flate området som tyskarane nytta som flystripe, er freda, for å ivareta det rike fuglelivet.
Det er Gunnar Furre som er museumsdirektør på Herdla museum, som tek imot meg. I ei avdeling av den vesle museumsbygningen er det store mengder utstoppa fuglar, i den andre er det antikvariske krigsminne og modellar av metallfuglar å sjå. Ein flygaruniform, ei flykanon, ei mengd autentiske foto frå flystripa. Eit jovialt smil frå flygaresset Rudi Linz smiler frå eit bilete, på eit anna ser du oppstilte jagarfly. Fotografia er tekne av Sigfried Bällerstedt, og er av fotojournalistisk kvalitet. Og ikkje minst heng det eit kjempeflott måleri av to tyske jagarfly i lufta.
Eg verkar etter å komma meg vidare. Flyet ventar på oss. Me må kjøra ein kilometer lenger nord på øya, der festninga ligg. Me kjører inn på festningsområdet. Her har norske militære styrker heldt til inntil for ganske få år sidan. Vaktbua og porten står der framleis, men for mitt indre auge ser eg for meg tyske soldatar med Schmeißer over skuldra og dei karakteristiske hjelmane når me kjører forbi. Hundre meter lenger framme stoggar Furre. Me går ut og frå åsen me står på, ser me ned på området der flystripa låg. Framleis ligg taksebanane der, medan hovudrullebanen forlengst er gått inn i tida; han var laga av tre.

Gelbe 16
Inne i den gamle verkstadhallen er det heist opp; ein Focke Wulf 190, som etter nesten 70 år vart fiska opp frå havsbotnen like utanfor Solsvik på Sotra og teke med til den gamle basen sin. Både tidas og saltets tann har forsynt seg av flykroppen til Gelbe 16, eller gul 16. Likevel, der det heng på eit spesiallaga stativ, vert ein overraska over kor lite og klumpete flyet er. Vengjespennet er like over ti meter, og lengda om lag ni meter. Hakekrossen på halen er lett synleg, det same er Luftwaffe-merka på vengjene. Eg grøsser innvendig. Dette var berre eitt av over 20 000 FW-190-fly tyskarane makta å få i lufta, og det var ein særs potent motstandar for det dei allierte klarte å få på vengjene. Dette flyet hamna i sjøen etter ei bakkeberøring, utan å vera i kamp. Naudlandinga i desember 1943 skal ha gått greitt, og flygaren Feldwebel Kurt Kundrus kom seg ut av det søkjande flyet, berre for å bli drepen seinare i krigen.
Flyet er truleg produsert tidleg i krigen, rundt sommaren 1942. Det var Svein Ove Agdestein og Geir Tangen, lokale flyhistorieentusiastar, som ved hjelp av KMN «Tyr» sin miniubåt fann att vraket i 2005, og sette seg føre å heva det. 1. november 2006, braut Gelbe 16 havoverflata, slik at ettertida kan få eit endå betre innblikk i krigshistorien på Vestlandskysten.
Frank Misje, museumstilsett hos Museum Vest, har stått for mykje av arbeidet med Gelbe 16. Han viser fram kanonane, som ser nesten like fine ut i dag, etter mange tiår i sjøen. Unge Misje legg ikkje skjul på at han er imponert over den tyske ingeniørkunsten.
– Dette var ein særs kompleks konstruksjon, og ingenting av det dei allierte hadde, kunne måla seg med det tidleg i krigen. Dei vart nærast stumme av beundring då dei fekk hendene i eit fly i juni 1942, seier Misje. I flyet han har dulla med og gjort mindre utsett for korrosjon står det ein BMW 801D-motor. Denne leverte 1 700 hestekrefter, og sytte for ein toppfart på opptil 675 kilometer i timen.
I eit hjørne i den same hallen ligg nettopp ein slik motor. Han kjem frå Melingsvarden på Hundvåkøy, og stod i flyet som Oskar Helbing sat i like etter at han fekk melding om Alarmstart den kalde januardagen i 1945.

Luftslaget
Me kastar blikket attende 65 år: Klokka er 11:18. Alarmstarten går. Oskar Helbing er komen seg i cockpiten på flyet sitt, og er truleg stinn av adrenalin. Dette er augneblinken han har venta og trent på, å komma i retteleg luftkamp. Åtte andre maskinar er i ferd med å taksa avgarde og koma seg i lufta. Styrken er leia av Staffelkapitän Werner Gayko, som får luft under vengjene allereie 11:20. Flya sirklar, vinn høgde og rasar i retning Leirvik, der 16 allierte Mosquito jagarbombarar snart skal herja med lasteskipet «Claus Rickmers» og luftvernbåtar. På vegen inn mot målet vert ein norsk Mosquito skoten ned, og den sterke eldgjevinga frå land og sjø fører til at fleire av jagarbombarane er skadde. Dei fleste av dei allierte flya følgjer etter wing commander Max Guedj, alias Maurice, nordover Langenuen.
Like etter klokka halv tolv har Oskar og kameratane hans fått auga på dei allierte flya over Selbjørnsfjorden. Werner Gayko har organisert den vesle skvadrona si i einingar på tre fly, ein såkalla Ketten-formasjon. Tyskarane kastar seg over Mosquitoane og infernoet er i gang.
Flyradioane sprakar med banning, åtvaringar og ordre på tysk, engelsk med britisk og amerikansk dialekt, og med fransk aksent. Maurice og navigatøren hans går ned i flammar. Flaksen er oppbrukt for franskmannen med dei ni liv.
Attende hos Oskar: Han ser ein britisk maskin som han nærmar seg i full fart. Like aust av Stongja på Hundvåkøy fyrer han av fleire salvar mot det relativt mykje større britiske flyet. Det 19-åringen ikkje har fått med seg i iveren etter å skyta ned Mosquitoen, er at han sjølv har eit fly på halen. Det er ein TseTse Mosquito med F/O Peacock bak spakane og F/O Fields som navigatør. TseTse-versjonen av det britiske flyet har ein 57mm Molins kanon som vart brukt mot skip, og det er den dei avfyrer mot Oskars fly. Den tyske 19-åringen skjønar han må komma seg bort etter treffa frå kanonane, og ser seg om etter eit område å naudlanda metallfuglen sin på.
Melingsmyrane ser lovande ut, men Oskar ombestemmer seg når han ser alle telefonlediningane og gjerda som er strekte over jordet. Han sirklar ein runde til, og utløyser cockpithetta over Tråvika.
Så stoggar motoren. Oskar gløymer nok i farta det livsviktige rådet frå flyveteranane frå Petsamo-fronten: Må du naudlanda, så må du hugsa på å stikka nevane unn under tryggleiksselane for å strama dei, elles vil du slå hovudet inn i våpensiktet på instrumentbordet framfor deg. Det kompakte flyet deiser mot bakken, unngår med få meter husa på haugane på Melingen, brekkjer av ei av vengjene og rusar framover før det stoggar ved Melingsvarden. Nokre hundvåkarar stormar til for å hjelpa ut den unge piloten frå flyvraket, sjølv om det gnistrar frå det kortslutta batteriet og flybensinen ligg som ein tjukk stank over området. Oskar mumlar usamanhengande. Han har eit djupt sår over høgre auge, og han døyr litt seinare på dagen, på Hagavik i Os.

Døden

Flygarar i vernebuing på Herdla den 7. april 1945. Frå venstre Ernst Tergel, Wolf Abler, Hans Steiner og Walter Opitz. Opitz og Tergel mista livet denne dagen. Opitz var med i den same sendinga unge pilotar som Oskar Helbing og Siggi Ballerstädt.

Luftslaget for 65 år sidan var det til då mest intense over Noreg under krigen. Det skulle berre overgåast av det blodige åtaket på destroyeren Z 33 ein knapp månad seinare, der begge dei tyske skavdronane på Herdla var på vengjene for å hindra åtaket på fartøyet. Dei allierte hadde heile 46 fly i lufta: 32 bombefly at typen Bristol Beaufighter, og eskortert av tolv fenomenale P 51 Mustang-jagarfly. 9. og 12. Staffel gjekk til åtak, og skaut ned til saman ti allierte fly, mot tap av fire av deira eigne. Det blendande smilet til Rudi Linz vart for alltid borte like etter at han skaut ned den 70. motstandaren sin: Ein Beaufighter. Han døydde i granatregnet frå F/O Blacks Mustang.
Ein annan som vart skoten ned var Heinz Orlowski, som noterte seg to nedskytingar, før han måtte hoppa ut av sin Weiße 1. Han overlevde krigen, og var ei av dei viktigaste kjeldene til krigshistorikarane Svein Ove Agdestein og Halvor Sperbund, saman med Sigfried Bällerstedt, hobbyfotografen.
Attende til 19-åringen Oskar. Han forblir, trass i intens reseach, ein ansiktslaus tenåring. Han vart fødd på slutten av 1925 i universitetsbyen Heidelberg. Byen ligg ved elva Neckar, og var ein av få byar som sleppte unna den allierte terrorbombinga. Truleg var fråværet av industri årsaka. Marsteinen har ringd ei lang rekkje personar med Helbing som etternamn i området, utan at dei kjenner til den unge landsmannen som døydde etter krasjlandinga på Hundvåkøy. Ei annonse i lokalavisa der nede har heller ikkje gitt resultat så langt.
Solheim gravplass. Marsteinens utsende er saman med Agdestein og Sperbund på veg til gravlunden der Oskar kviler, saman med 1 087 andre tyske falne. Det ligg eit tjukt snødekt teppe over gravplassen, og berre eitt par spor i snøen vitnar om at nokon har gått der. Me passerer grava til Rudi Linz, og mot det nordvestlege hjørna av gravplassen står namnet hans høgd i grå stein. Oskar Helbing, fødd 6. november 1925, død 15. januar 1945. Krigens vanvit skrik mot meg, to graver lenger mot nord ligg ein annan ung mann som døde i Austevoll, Richard Lehnert. Han vart fiska opp mellom Stolmen og Fugløy av Odd Hevrøy og onkelen hans etter ei tilsynelatande vellukka naudlanding. Den tredje tyskaren, Waldow Zeuner, sit truleg framleis i vraket av FW-190-en sine, Weiße 4, ein stad på havsbotnen i Selbjørns- eller Møkstrafjorden.

900 Kameraden
Etter turen på gravlunden tek me oss ein avstikkar til næraste kafé. Sperbund og Agdestein kjente mannskap på begge sider i skvadronane som braka saman over Noreg i dei siste månadane av krigen. Heinz Orlowski døydde av kreft på hausten i fjor, og fortalde mykje om hendingane på slutten av krigen. Den tyske krigsflygaren var òg i Austevoll og synfarte området der Oskar Helbing møtte lagnaden sin. Han møtte òg augevitne Ingebrigt K. Melingen for om lag 15 år sidan.
– Trass i at det gjekk mot slutten av krigen. fortalde Heinz oss at moralen blant flygarane på Herdla var framifrå, seier krigshistorikarane til lokalavisa. Dei fortel at i løpet av tida dei har arbeidd med krigshistorie og flykampane spesielt, har dei knapt kome bort i menneske som var bitre over krigens utfall. Likevel hadde Heinz det vondt på dødsleiet.
– Då me møtte han i fjor haust, like før han døde, grein han i over to timar og snakka stort sett om dei 900 Kameraden dei ikkje klarte å berga om bord i slagskipet «Tirpitz» etter bombinga på slutten av 1944. Luftwaffe på Bardufoss fekk mykje av skulda for at dei store Lancaster-bombarane fekk koma seg uhindra til målet, men ein sjeldan kommunikasjonssvikt innad i det tyske krigsmaskineriet. Eit anna moment var at den store flyplassen på Bardufoss krevde for lang tid på taksebanane før take-off.
– Det var spesielt bittert for Luftwaffe, sidan Lancasterane flydde utan eskorte. Det kunne nesten ha vore å plukka dei ned, seier Svein Ove Agdestein.
I det sivile liv vart Heinz trelasthandlar, medan den meir sosialt retta Siggi vart idrettstrenar og enda opp som æresborgar av byen han budde i.

Eldsjelene
Svein Ove var berre seks månadar gamal då ein av dei skadde Mosquitoane frå raidet mot «Claus Rickmers» dundra igjennom juvet ved Lundsæter kraftstasjon, der familien budde. Forteljingane frå faren har vore noko av årsaka til den glødande interessa Agdestein har i å avdekka hendingane frå krigens dagar. Til dagen arbeider stordabuen på Bergen museum.
– I utgangspunktet starta arbeidet vårt for mange år sidan, då me ville forsøkja å samla inn delar av flyvrak til å setja saman eit tysk jagarfly til Forsvarsmuseet, seier Halvor Sperbund. Slik kom dei etter kvart i kontakt med Heinz og kameratane hans, og var endåtil med på eit veteranmøte med tidlegare Eismeerjäger-pilotar i 2003.
– Under krigen var dei jo berre unge gutar med interesse for å fly. På Herdla fraus mellom anna Luftwaffe-pilotane ut ein SS-flygar som fauk rundt med eit Storch-spionfly.
Sperbund si interesse for krigen starta tidleg. Då han sjølv var baby vart faren, som var med i den kommunistiske motstandsrøyrsla, arrestert av Gestapo. Han vart teken med til Victoria terrasse og torturert. Faren vart aldri den same, og døydde elleve år seinare av seinskadane.
– Då eg vart noko eldre fatta eg sterk interesse, som berre balla på seg, seier Sperbund, som sjølv arbeidde i luftforsvaret i ei årrekkje.
Han fortel at då han vart stasjonert i Nord-Noreg på byrjinga av 1960-talet, var lidenskapen å gå kring og utforska flyvrak. På den tida hadde knapt nokon vist interesse for den nære krigshistorien, og tid og ofte fann han vrak der lika av flygarane framleis sat bak stikka.
– Det er viktig å dokumentera kva desse haugane med metall er, og ikkje minst historia bak, seier Sperbund, som understrekar at han i løpet av åra har knytt mange sterke venskapsband til veteranar på begge sider.
Den andre verdskrigen, med sin dårskap og massive øydeleggingar vart veldig handgripeleg i nokre få minutt over Austevoll for 65 år sidan. Oskar Helbing var berre ein av tolv unge menn som døydde i løpet av få minutt. Om ting hadde vore annaleis, kunne kanskje Oskar ha vore ein mild, godhjarta oldefar med smil om munnen.

Kjelder:
Sperbund, Halvor (2004): Brennpunkt «Westküste», Vigemostad & Bjørke, Bergen
Gunston, Bill (1985): Aircraft of World War II, Peerage Books, London
Trond Hagenes (Marsteinen 20. juli 2000): «Luftslag over Austevoll»
Diverse internettsider.
Takk til Angelika Sallan for hjelp med research i Tyskland.