16.Då kong Haakon fekk juletre frå Austevoll

 

Marsteinen 20. desember 1979

For vår folkekjære konge var det eit hardt slag å måtta gå i utlegd sommaren 1940. Alle som kjende han frå den tid seier at han tok seg svært nær av dette.
Enkelte austevollingar fekk òg kjenna kong Haakon. Såleis fortel Torkjell Rostøen at det var ei merkbar endring til lysare stemning hjå kongen etterkvart som krigen skreid fram. For å skapa kontakt med heimlandet var det siste tre åra tradisjon at kongefamilien skulle få eit juletre frå Noreg. Det var ikkje så nøye korleis det såg ut, men norsk skulle det vera. Runnen i norsk grunn, ein bindelekk, eit levande prov på at det gjekk bruer over Nordsjøen i desse mørke åra. (bilete av kongen)

Dei som henta desse juletrea var mannskap frå Shetlandsgjengen. Mellom desse var fleire frå Austevoll og dei var lokalkjende på kysten. Dette var heilt avgjerande i ei tid då fyrlyktene var sløkte og operasjonane på kysten berre kunne finna stad i vinterhalvåret og mørketida.
Ein kald og blåsande dag oppunder jul 1943 stampar to motortorpedobåtari tung sjø oppunder norskekysten. Der er isande kaldt oppe på den opne brua. Iltre vindkast piskar opp det grågrøne havet.
Dei har lagt ut frå Shetland om morgonen og ser fyrst kysten når mørket har gjort dei usynlege for tyske vaktbåtar og kanonstillingar på land.
Dei nærmar seg gamlelandet ved Marsteinen.
Båtane har fire Spitfiremotorar og fire propellar og kan gjera opptil 30 mils fart. Dei stikk svært grunt og kan gå inn i tronge farvatn. Men den største føremunen er at om bord mellom den 30 manns besetninga er lokalkjende folk som kjenner kvar knause og skjer i traktene.
Om bord i den eine MTB-en er Anders Merkesdal frå Hestavika ved Kolbeisnvik. Det er snart tre år sidan kom til alliert hamn om bord i «Blia» (dei for frå Glesvær i Sund 15. Mars 1941) og han har vore med på mykje dramatikk før denne turen.

– Det var start som ein sekk den natta, fortel Anders.
– Me kom inn ved Marsteinen klokka 23 om kvelden og la oss til ved Hatleholmen inne i Busepollen. På desse åra hadde eg ikkje sett familien og etter diskusjon med mannskapet vart me samd om at eg skulle ta ein tur heim. Det var berre ein snau halvtime unna. Me fekk låna ei jolle og eg fekk med meg ein kamerat Store-Gustav som skulle liggja vakt utanfor huset. Me var væpna, han med Tommy-gun og eg med pistol. Me visste ikkje då om foreldra mine levde der framleis eller om huset var overteken av tyskarane.
Så la eg og Store-Gustav i veg i dei kvite Shetlandsgensarane våre.
Ute på gardstunet la Store-Gustav seg i dekning medan Merken (som han gjekk for i daglegtale) trakk pistolen og lista seg mot huset. Døra var ulåst. Det tydde godt, foreldra pleide aldri å låsa dørene.
Han lista seg så vidare inn på soveværelset. Då mora vakna kviskra han.
– Det er Andres.
– Så, det er det, svara mora som tydelegvis trur at ein fetter i familien med same namn.
– Nei, det er nok ein annan Anders.
Då skjøna ho, og det fyrste spørsmålet til sonen som har vore borte i nærpå tre år, gløymer ikkje Anders. Det var like kort som det var håpefullt:
– Har du kaffi?
Kaffi hadde Anders – kvitt brød òg. Det vart gjensynsglede slik ein berre kan tenkja seg det kunne bli. Broren Anton og faren fortalde om tyskarane og kva dei heldt på med i distriktet. Og det vart snakka om krigen både ute og heime.
Heime i Hestavika hadde far til Anders planta ein lehekk med gran rundt våningshuset. Denne hadde han hegna om og stelt med i mange år og hekken hadde vorte hans stolthet. Denne natta tok han fram øksa og felte det finaste treet i hekken han kunne finna, eit grantre på halvannan meter.
Faren hadde ikkje sagt anna enn at Anders skulle ta med treet til England og gjer det til kong Haakon slik at han skulle ha eit skikkeleg norsk juletre frå nordmenn heime.
Og dette treet fekk kong Haakon jula 1943.

Kjelder: A-magasiner nr. 51 1973.
Anders Merkesdal, Trygve Merkesdal, Torkjell Rostøen.