17.Illegal verksemd på Selbjørn

 

Krigen og Austevoll
Av Finn Dyngvold
Marsteinen 4. januar 1980

På Selbjørn var det under krigen etter måten liten aktivitet jamført med til dømes Møkster, Litlakalsøy, Rostøy, Drøna og nordre Huftarøy. Såleis veit me ikkje om nokon båt eller nokon personar frå Selbjørn som reiste til England i desse åra, då bortsett frå Sverre Monsen med familie jula 1944.

Men siste krigsåret skjedde det ein del i søre luten av Austevoll òg. Sentrum for denne verksemda var Dalheim eller Tuftevika. Denne staden var før og under krigen ein kjend plass med forretning, bakeri og skipsanløp. Verksemda vart driven av Sigurd Kristoffersen som var innflyttar, og sønene hans Sverre og Monry Monsen (Rabben).
Den hemmelege verksemda vart organisert frå Milorg. i Bergen. Ein sentral person her var skipperen på rutebåten «Ternen», Onarheim, som sytte for at særmeldingane som kom via radioen frå London, vart ført vidare til dei rette personane, i dette høvet altså til Dalheim. Desse såkalla særmeldingane gav opplysningar i kodeform til dømes om personar som var agentar og som måtte hentast eller som vart ført inn i landet, om kontaktpersonar, om stadar der englandsbåtane lenda og om våpen og materiell som skulle i land.
Gruppa bar det noko tungvinte namnet «Eksport- og importgruppa Milorg. Bergen og omland» Med det meinte ein eksport av truga personar vestover, likeså kjeldemateriell og på den andre sida import av våpen og materiell.

Kåre Noven var berre gutunge på 16 år då krigen braut ut. I 1945 var han ein vaksenmann med eit års røynsle frå denne gruppa. At han kom med var fordi han under krigen var dreng nede på Dalheim og vart spurt av Sverre og Monry om han ville ta del.
Det siste krigsåret vart fleire våpenlaster sett i land i Austevoll. Kåre var med på dei fleste og det gjekk føre seg slik. Han og ein kamerat som heitte Alf Fagerbakke (utan tilknyttning til Selbjørn) fekk beskjed av Sverre ( som igjen hadde fått beskjed av Onarheim på «Ternen») om å ta sjekta og dra til Følesvågen på søre Hundvåkøy. Der ville ubåtjagaren koma og lasta vart så lossa ved ein holme der det var holdjupt på alle kantar. Våpna vart ført vidare til Eiholmen aust på Horgo der dei vart gøymt, dekka med presenning og kamuflert med lyng og brake.
Men våpna måtte vedlikehaldast og Kåre fortel at dei til og med hadde Lugerpistolar og Stenguns med seg heim i nausta på Selbjørn og sat der og pussa og sette inn med feitt. Ved eitt høve vart dei overraska av vaktbåten, då dei var på veg sørover til Selbjørn med våpna. Dei la seg då i le av ein holme medan Kåre låg på toppen av holmen og vinka dei rundt etterkvart som vaktbåten gjekk nordover. Alf stod då ved rekka klar til å dumpa kassane, men det gjekk godt.
Lillejulafta 1944 måtte Sverre Monsen og familien røme til England. Dei vart henta i Følesvågen av ubåtjegaren «Vigra» og kjentmann på turen var 20-åringen Harald Drønen. Med seg til England hadde dei 24 ettersøkte personar som budde spreidd rundt i Austevoll medan dei venta på båt. Såleis var nokre på Drøna hjå Anne Drønen, nokre på Horgo og nokre i Tuftevika.

Etter at Sverre reiste fekk Kåre og Alf beskjed frå Milorg. om å gå i dekning. Dei budde då i ei veke på naustet hjå Georg og Ole Martin Salthella.
I januar 1945 kom det ny beskjed frå Bergen. Det var heilt avgjerande å få vekk ein kutter som var ettersøkt av Gestapo. Kutteren som var om lag 40-45 fot låg i Veivågen. Ei mørk januarnatt var dei og henta båten. Det låg is på vågen og dei måtte hogga laus. Båten vart så slept til Salthella og dei jobba heile natta med å demontera den 20 hk Unionmotoren som så vart sett på bua til Georg Salthella. I sundet mellom Bleikjo og Geitholmen vart så båten søkkt. Dei sette vaier i land for dei ville ta båten opp etter krigen, men medan dei heldt på med dette høyrde dei motorbank og kutta då laus slik at kutteren sokk snart. Dei var redde det var båt til Stolmen som då ville ha fare framom og sett dei. Med det viste seg seinare at det var Thomas Tøkje som kom frå Fagerbakke i jordmorskyss.
Påskeafta 1945 var det nære på gått gale. Det vart då storrassia på Selbjørn og andre stadar i Austevoll. Kåre var då saman med ein kamerat til Møkster og kom seg ikkje attende på grunn av sperring av fjorden. Han anka på radioen dei hadde. Men heldigvis var den tre år yngre broren, Nils, vaksen nok til å ta radioen og fara til fjells der han sat under heile rassiaen.

Endå fleire englandsfarar
Ikkje alle austevollingar drog til England frå desse trakter. I 1940 var den 20 år gamle Oddmund Søreide frå Blænes i Vinnesvåg på fiske med snurparen «Torulf» av Bergen. Den 9. april var dei i Måløy. Det gjekk sterke rykte om engelske miner på Stadlandet, men dei sette kursen for Ålesund. Oddmund var då budd på å melda seg til dei norske styrkane, men dei kom seg ikkje derifrå. Han vart så i staden med fiskebåten «Rundehorn» som eigentleg skulle til Nord-Noreg, men den 8. mai gjekk dei direkte til Klaksvik på Færøyane og kom fram to dagar seinare etter ein hard overfart med storm og uvêr. Derifrå gjekk dei til Island. Seinare kom Oddmund til England der han våren 1942 tok radioskulen. Resten av krigen sigla han i handelsflåten som telegrafist.

Rett før krigen braut ut flytte det ein familie med namn Klepsvik frå Storekalsøy og busette seg på Lindøy ved Finnås i Bømlo. I 1940 var den eine av sønene i familien Per Magne (Peder´n) 20 år og sjømann.
Natt til 17. mai 1940 starta han på ei av dei mest vågelege ferder som er gjort under krigen. Han hadde med seg fiskaren Johannes Baldersheim frå Bømlo og saman rodde desse to i ein 15 fots oselvar frå Skotingen på Hiskjo til nordspissen av Skottland. Turen tok fire døger og sju timar. Dei fyrste 83 timane hadde dei damstilla og måtte ro, men dei siste 20 timane bles det opptil kuling frå nord og dei heiste segl.
Utanfor Canair Head nord på Skottland vart dei teken opp av ein armert trålar og ført til Kirkwall på Orknøyane.
Per Klepsvik kom seinare inn i flyvåpenet. Baldersheim sigla i handelsflåten resten av krigen.

Kjelder:
Kåre Noven
Harald Drønen
Ole Martin Salthella
Johannes Baldersheim
Oddmund Søreide